Du er her:

Kantslått på slåttemark

Kantslått på slåttemark.

Statens vegvesen har eit ansvar for å ta vare på naturmangfoldet

I løpet av det siste halvåret har Naturvernforbundet fått kjennskap til fleire avvik når det gjeld kantslått og andre tiltak i vegkanten og omsynet til det biologiske mangfaldet. Dette blir teke opp i eit brev til Statens vegvesen.

Naturvernforbundet reagerer på ein kantslått som blir utført på eit område som er registrert som særleg verdifull slåttemark. Vanleg skjøtsel av slåttemark går ut på å slå seint, tørke graset på bakken og så fjerne det for å unngå gjødslingseffekt. Kantslått er slått som skjer så tidleg at plantene ikkje får tid til å blomstre og sette frø. Tørkinga som gir modning av frø og dryss av frø blir dårleg når graset blir knust og ikkje skore med kniv. Og avlinga blir liggande igjen. Det kunne sjølvsagt ha vore verre om det blei sprøyta i tillegg, men dette er under alle omstende ein skjøtsel som tar livet av dei biologiske verdiane i løpet av få år.

I tillegg reagerer Naturvernforbundet på at høgtrykksspyling av ein brukonstruksjon skjer utan omsyn til at det å flytte vatn mellom vassdrag kan føre til spreiing av uønskja artar, det mest kjende dømet er Gyrodachtylus salaris.

Naturvernforbundet ber om at det blir gjort greie for kva tiltak Statens vegvesen har for å unngå slike avvik.