Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Engasjerte deltakarar på samferdselsseminaret til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 17. januar 2015. Foto: Naturvernforbundet

Stort engasjement på samferdselsseminar

Godt oppmøte og engasjerte deltakarar prega samferdselsseminaret Naturvernforbundet i Møre og Romsdal arrangerte laurdag 17. januar 2015.

Hovudtema for seminaret var bypakkane i Møre og Romsdal, samt fergefri E39. Deltakarane på seminaret fekk først høyre Lage Lyche, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, gi ei grundig innføring i planane i fylket.

Deretter var det Aud Tennøy, forskingsleiar i Transportøkonomisk institutt, som presenterte krav til ei klimavennleg og attraktiv byutvikling.

Til slutt presenterte Holger Schlaupitz, fagsjef i Norges Naturvernforbund, miljøkonsekvensar av samferdsel generelt, med samanlikning av ulike transportformer.

Presentasjonane til dei tre innleiarane ligg under.

Artikkelen ble sist oppdatert: 19.01.2015

  • Holger Schlaupitz, fagsjef i Norges Naturvernforbund