Du er her:

Transport og mykje anna

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

For miljøet er transport ein menneskeleg aktivitet som er særdeles krevjande. Det gjeld både mengde, lengde og måte.

Når det store problemet er at vi forbrenner meir fossil energi enn det naturen legg tilbake i dei langvarige lagra, så er transport eit problem. Det gjeld opplagd den delen som bruker olje, kol og gass. Men det gjeld også den delen som nytter seg av andre energitypar som kunne ha vore nytta til noko anna. I tillegg tar transport stor plass når vegane blir gjort breiare og rettare. Både jordbruksareal og biologisk mangfald blir brukt til betaling for transporten.

Det er ikkje slik at vi heilt skal slutte å transportere. Men vi må legge om transporten ganske mykje. Dei siste vekene fortel oss at det ikkje berre er naturen som krev sitt.

I årevis har det vore slik at industriverksemdene har blitt større, men avstanden mellom dei har auka. Slakteri, meieri og sagbruk veit alle noko om, men det same gjeld mykje anna også. Det er store volum som først køyrast den eine vegen, og så tilbake igjen.

I fiskeria våre blir mykje fisk sendt til Kina for filetering. Fersklaksen får flyfrakt. Det er jo slett ikkje nødvendig, men vi må leve litt annleis om vi skal slutte med det.

Industri og mange andre verksemder må legge om tempoet litt, slik at dei kan få varene med båt i staden for ilbod. Servicefolk som reiser over heile landet kvar veke er også noko ein må sjå litt nærare på.

Så har vi desse store felles arbeidsmarknadene. At ein og annan ikkje får til å finne arbeidsplass nær heimen er så. Men at veldig mange må transportere seg ganske langt kvar dag for å få gjort eit arbeid, det er noko vi moderne menneske har kome på dei siste åra.

Det er tid for kreative løysingar slik at vegen mellom produsent og forbrukar blir kortare. Det er tid for at arbeidsplassar flytter til der folk bur, og at folk flytter til der jobbane skal gjerast. At ikkje alle kan løyse det slik, bør ikkje hindre andre i at dette blir noko av.

Legg elles merke til at helsestyresmaktene truleg vil vere glade for ei ny utvikling på dette området, i desse koronatider. Det er ikkje berre fordelar med at ei vare og ein sjåfør startar i Halden på morgonen og er i Kristiansund om ettermiddagen.

Vi kan ikkje halde fram med at transporten vår er heilag, urokkeleg og ustyrleg. No er det tid for å tenkje andre tankar.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Artikkelen ble sist oppdatert: 31.03.2020