Du er her:

Aurstadfossen i Møre og Romsdal

Aurstadfossen i Møre og Romsdal. Foto: Naturvernforbundet

Vasskraft

Sjølv om vasskraft i utgangspunktet er fornybar kraft, er Naturvernforbundet uroa over omfanget av planlagd kraftutbygging i Noreg.

Talet på søknader om utbyggingar av småkraft er så mange at blir vanskeleg å sikre ei god behandling av dei. Søkjarane klarar ofte ikkje (eller vil ikkje) finne dei naturverdiane som kan gå tapt ved ei utbygging. Dessutan manglar det overordna vurderingar av kraftutbygging; sjølv om eit enkelt kraftverk ikkje gir varig tap av ein art eller ein naturtype, kan summen av mange mange små utbyggingar gjere det.

Nyheter

Foto: Naturvernforbundet

NO FÅR LANGEDALSELVA FLYTE FRITT ! - VI HADDE IKKJE RÅD TIL Å MISTE HO.

07.02.2019

Naturvernforbundet har i mange år peika på verdien av Langedalselva som renn til Hellesylt i Stranda kommune. Elva har likevel fått to kraftverk, og no var det diverre fare for endå meire inngrep. Det planlagde Langedalselva kraftverk, som skulle ha leia vatnet i tunnel frå Karbø ca. ein kilometer forbi dei mektige fossane og hølane mot Hellesylt, hadde fått konsesjon av NVE. Men Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Naturvernforbundet og fleire andre klaga på denne konsesjonen. No låg tildelinga til avgjerd i Olje- og energidepartementet - som fredag 2019-03-29 stødde anka vår !

Viser fra 5 til 8 av totalt 248 artikler