Du er her:

Er mobile gasskraftverk lovleg?


Foto: Britt K. Andersen
Er mobile gasskraftverk i strid med EØS-avtala? Dette spørsmålet frå Naturvernforbundet må olje- og energiminister Odd Roger Enoksen svare på.
Naturvernforbundet sender no brev til Enoksen om energiforsyningssituasjonen i Midt-Noreg. Bakgrunnen er dei mange feilaktige utspela om at det er nødvendig å byggje sterkt forureinande mobile gasskraftverk i Møre og Romsdal.

- Naturvernforbundet har dokumentert at det er mogleg å unngå utfall i energiforsyninga i Midt-Noreg ved ein kombinasjon av sparetiltakt og utbygging av ny fornybar energi. Dette vil vere ei miljøvennleg og framtidsretta løysing, mobile gasskraftverk er miljøbomber, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

- Gjennom EØS-avtalen har Noreg forplikta seg til å nytte dei løysingane som gir lågast mogleg forureining. Mobile gasskraftverk er svært langt frå å oppfylle dette. Naturvernforbundet ser ikkje at situasjonen kan forsvare å bryte dei internasjonale avtalane om redusert forureining Noreg har slutta seg til; som vi har vist finst det ei rekke gode alternativ til mobile gasskraftverk. Slik Naturvernforbundet ser det vil det difor kunne vere aktuelt å klage eventuelle vedtak om mobile gasskraftverk inn for ESA, seier Folden.

Fylkesleder Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid