Du er her:

Sakselidfossen (Liafossen) i Sesselva

Sakselidfossen (Liafossen) i Sesselva.

Ikkje bygg ut Sesselva i Vestnes!

Naturvernforbundet i Vestnes har i ei fråsegn til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gitt ei lang rekke viktige argument mot utbygging av Sesselva i Tresfjorden.

Naturvernforbundet i Vestnes legg i fråsegna si særleg vekt på tre omsyn som gjer det naturleg å avslå søknaden om utbygging.

Det første gjeld omsynet til biologisk mangfald. Det er godt dokumentert at ei utbygging vil råke mange særs verdifulle naturtypar i og rundt Sesselva og Hoemselva. Fossesprøytsonar er ein naturtype Naturvernforbundet i mange høve har framheva, desse blir særleg truga av kraftutbyggingar, men også anna liv i og ved elva blir påverka når vatnet forsvinn eller får endra vassføring.

Det andre omsynet gjeld opplevingsverdien til Sakselidfossen. Dette er i dag den mest karakteristiske fossen i Vestnes kommune som kan sjåast hengande over landskapet mellom fjorden Tresfjorden og skogkledde lier samt høgfjell. På låg vassføring om sommaren er fossen framleis eit markant innslag i landskapet. Utbyggar vil fjerne 2/3 av vatnet i fossen.

Det tredje omsynet er dei negative verknadene ei utbygging vil få Sakselia, med sin rikdom på natur og kulturhistorie. Ein må sjå på Sakselia med stor artsrikdom av planter, Liafossen som landskapselement med fossesprøytsone og bekkekløft, og Hoemsdalen med fjellsetra Hoemssetra samt Sessdalen og Sessetra som eit naturhistorisk område som synleggjer tydeleg det førmoderne jordbruket si rolle innan naturhausting og ressursforvalting på ein bærekraftig måte.

Dei store moglegheitene for friluftsliv satt inn i ei kultur og naturhistorisk ramme er sjeldan å oppleve i denne regionen. Den relativt låge graden av inngrep både i omsøkt influensområde samt i andre delar av dalen tilsvarar ei restriktiv haldning til å tillate store inngrep i området. Liafossen, Sesselva og Hoemselva med tilhøyrande naturverdiar og vidstrakte område frå skog til høgfjell fortener å få framstå vidare slik landskapet har gjort opp gjennom tida. Det fleirfaldige verdigrunnlaget for bruk av området, samt Sakselidfossen som bærande landskapsdimensjon langs Tresfjorden er meir verd enn den reint økonomiske verdien av ei utbygging.

I framtida vil slike område mest sannsynleg bli meir og meir verdefulle som nære rekreasjonsområde for lokalbefolkninga og som undervisningsstad i felt. Eller som nye satsingsområde opp mot økoturisme og gardsbaserte opplevingar av kortreist karakter.

Naturvernforbundet i Vestnes meiner att dette er det mest verdifulle naturområdet i Vestnes kommune av noko storleik, og vil av hensyn til ålmenta sine behov og mangfaldet av naturtypar og biomangfald tilrå at ein ikkje gir konsesjon for noko form for vasskraftutbygging i området.

Artikkelen ble sist oppdatert: 30.08.2013