Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Instebotnvatnet ligg i Vestnes kommune.

Instebotnvatnet i Vestnes bør ikkje regulerast

I ei fråsegn til Norges vassdrags- og energidirektorat ber Naturvernforbundet om at søknaden frå Sess-kraft AS om regulering av Instebotnvatnet i Vestnes blir avslått.

Naturvernforbundet peiker i fråsegna mellom anna på at det manglar undersøking av biologisk mangfald frå Instebotnvatnet til noverande inntak for kraftverk. Vurderinga av ny vassføring frå kraftstasjonen og ned til sjølen manglar også.

Ut frå den kunnskapen Naturvernforbundet har om området, ser mosefloraen ut til å vere ganske rik og litt spesiell, noko som gjer at ein bør vere varsam med å regulere vatnet.

Instebotnvatnet representerer også spesielle kvalitetar for friluftslivet, kvalitetar vi ikkje har så mykje igjen av.

Artikkelen ble sist oppdatert: 13.06.2018