Du er her:

Naturvernforbundet går mot regulering av Herredsdalsvatnet i Tingvoll

Naturvernforbundet har gitt fråsegn til planane om utbygging av Herredsdalselva kraftverk i Tingvoll. Naturvernforbundet går mot regulering av Herredsdalsvatnet, og har også mange kritiske merknader til kraftverk i Herredsdalselva. I fråsegna peikar Naturvernforbundet på at Tingvoll kommune snart ikkje har vassdrag att utan vesentlege reguleringar eller andre inngrep.

Sjølv om ikkje Herredsdalsvatnet er urørt av verksemd så ville det vere bra om dette ikkje blei regulert i det heile. Såpass kan det bli igjen når naturmangfoldloven § 10 om samla belastning er brukt i denne saka.

For nokre år sidan var søknaden om Gylelva og Gylvatnet til utbygging eit tema. Den gongen var Naturvernforbundet opptatt av at anten Gylelva eller Herredsdalselva måtte få renne fritt utan kraftutbygging. Den gongen blei det ikkje gjort noko samla vurdering. Vi meiner at dei største verdiane var i Gylelva og Gylvatnet, og difor var det Gylelva som ikkje skulle ha vore utbygd. Det vassdraget er utbygd, og spørsmålet no er om ein skal seie nei til Herredsdalselva fordi eit av vassdraga bør få vere i fred, eller la dette vassdraget også bli regulert.

Det er noko i oss som seier at vi må sette foten ned og i alle fall ha i behald det eine vassdraget. Men korleis skal ein forklare at eit vassdrag med færre negative konsekvensar med utbygging må sparast? Vi er redd at vi ser eit døme på at forvaltninga er fragmentarisk framleis. Det er først når søknaden på det siste vassdraget kjem at ein kjem på tanken om at nokon vassdrag skal få vere vilt og urørt.

Det praktiske utvalet av det siste vassdraget skjer oftast ikkje på grunnlag av biologisk mangfald og friluftsinteresser som er det vi steller mest med. Det blir heller avgjort av at det anten er det som er dyrast å bygge ut, at ein grunneigar ikkje vil bygge ut eller at det dreier seg om bekken frå kloakkreinseanlegget til sjøen der noko slikt finst. I Tingvoll er det no svært få kandidatar til siste vassdrag igjen å velje mellom.

Artikkelen ble sist oppdatert: 01.11.2011