Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Hareima i Sunndal. Foto: Naturvernforbundet

Naturvernforbundet med fråsegn til "Sunndalspakka"

NVE har sendt fem vasskraftsøknader frå Sunndal på samla høyring. Naturvernforbundet meiner desse ikkje bør få konsesjon.

Naturvernforbundet har sendt inn ei omfattande fråsegn til søknadene.

Konklusjon:

Gryta og Somrungen bør ikkje få konsesjon. Verknaden på biologisk mangfald i tillegg til landskapsmessig påverknad er dei viktigaste argumenta for at desse ikkje skal byggast ut. Gryta er dessutan representant for vassdrag som har strekningar som renn tørre.

Skrondalsvassdraget bør ikkje få konsesjon. Det er svært få vassdrag som ikkje er bygd ut i Øksendalen, og vassdraget må truleg reknast som typevassdrag med omsyn til at elva renn tørr på strekningar i eit område med såkalla triviell natur. Triviell natur knytt til vassdrag med naturleg vassføring har blitt såpass sjelden at det langt på veg oppfyller kriteria for å bli ført opp på raudlista.

Når det gjeld Hareima, er denne åleine representant for vassdrag på sørsida av Sunndalen. Truleg har Grøa hatt størrre verdiar, men sidan det vassdraget alt er bygd ut, så må ein ha igjen eit vassdrag som får renne fritt, og då må det bli Hareima.

Utbyggingsløysinga for Skorga / Fossa er vesentleg betre enn dei andre for landskapspåverknader. Samtidig er bortfall av vatn i desse vassdraga særleg alvorleg som følgje av eit sterkt landskapsinntrykk.

Dei vassdraga som det ikkje er store innvendingar til å bygge ut er i Sunndal alt bygd ut. Alle dei fem vassdraga som er omsøkt i denne pakka har såpass store biologiske verdiar, landskapsverdiar eller verknad for friluftslivet at det er nødvendig å avslå søknadene.