Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Styggegjelet i Langedalselva på Hellesylt i Stranda kommune.

Nei til fleire utbyggingar i Langedalselva på Hellesylt!

Fråsegn frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Langedalselva er eit vassdrag som startar ved Sogn og Fjordane grense og ender på Hellesylt i den mektige fossen som kvart nyttår visast som eit nasjonalsymbol etter Kongens tale.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal gjorde eit årsmøtevedtak i 2006 som seier at Langedalsvassdraget, frå Sogn og Fjordane grense til Hellesyltfossen, er det mest verneverdige vassdraget på Sunnmøre og i Nordfjord. Likevel er det etter 2006 bygd ut to store kraftverk langs denne elva.

Trass sterke protestar vart det våren 2017 gitt konsesjon til enda to kraftverk. Ein sparer Hellesyltfossen, men kan likevel ende opp med fire øydeleggjande inngrep langs det som vart rekna som den mest verneverdige elva.

Naturvernforbundet har klaga på konsesjonen til Langedalselva kraftverk. Eit av hovudpunkta i klaga er den samla belastninga på vassdragsnaturen. Dersom ein skal kunne meine noko med samla belastning på eit vassdrag, må den nye utbygginga av Langedalselva stoppast.

Andre hovudpunkt i Naturvernforbundet sin klage er: Opplevingskvalitetar, elva som landskapselement og manglar i biologisk kartlegging.

I brev frå Olje- og energidepartementet som svar på klagesaka for dei to første kraftverka, vert det lova ei oppfølgjande undersøking av den store fossekallbestanden i Langedalsvassdraget:

Sitat frå brev datert 11. desember 2008:

Departementet er samd med NVE i at dei samla utbyggingstiltaka i Langedalsvassdraget gjev grunnlag for ei etterfølgjande undersøking av tilhøva for fossekall. Ansvaret for pålegg om slike undersøkingar ligg til fylkesmannen (Møre og Romsdal fylke), jf. Post 5 i vilkåra for konsesjonen.

Desse undersøkingane er ikkje gjort, og må sjølvsagt gjerast før nye kraftverk i same elva får løyve.

Det er også svært mangelfulle undersøkingar av fossesprøytsonene i vassdraget.

Langedalselva har lett tilgjengelege elvejuv. Med lite eller ingen tilrettelegging er elva svært verdifull for den planlagde satsinga på naturbasert reiseliv i regionen. Det er ikkje mange stader ein får eit så kraftig og nært møte med naturen på ein så enkel måte. Utbygginga som no kan kome, er planlagd på ein slik måte at elva vert svært redusert for padling, rafting og andre friluftsinteresser.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kome med motsegn og det er klage frå Norsk Ornitologisk Foreining, Sunnmøre Ringmerkegruppe og padlemiljøet. Tre grunneigarar har også klaga på konsesjonen, fordi dei berre har akseptert ei mindre utbygging enn den som fekk konsesjon.

Det bør vere innlysande at denne perla i norsk elvenatur langs innfallsporten til UNESCO-området Vestnorsk Fjordlandskap, vert verna til glede for komande generasjonar.

Årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal vil difor på det sterkaste oppmode OED om å seie nei til konsesjon for utbygging av Langedalselva kraftverk.

Artikkelen ble sist oppdatert: 14.03.2018