Du er her:

Opninga av Urke kraftverk


Kristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT Foto: DNT
Ope brev til Kristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT.
Gode Kristin Krohn Devold!

Eg kontaktar deg på denne måten først og fremst på vegne av Naturvernforbundet sitt lokallag i Ørsta og Volda. – Men og som aktiv brukar av fjellheimen rundt Hjørundfjorden, og som ÅST / DNT- medlem dei siste 40 åra.

For å gå rett på sak:

Dersom det er som eg har høyrt, - at du skal stå for den offisielle opninga av Urke Kraftverk den 25. juni, kjenner du då til konfliktane som er knytt til dette prosjektet?

Eg forstår godt at Tussa vil bruke DNT sin frontfigur til å gje småkraftutbygginga eit miljøalibi. Det treng dei.

Men DNT har definerte mål for å verne det som er att av urøyvd vassdragsnatur, og ein strategi for å nå desse måla. Her har DNT og Naturvernforbundet mykje godt samanfallande syn. Vi i Naturvernforbundet saknar ofte eit meir aktivt engasjement frå ÅST / DNT i lokale naturforvaltningssaker. Fleire av småkraft- sakene i Ørsta / Volda er døme på dette.

Kjenner du til konflikten kring vegbygginga i Langseterdalen og endeleg godkjenning frå NVE av Urke Kraftverk?

Kjenner du til det samla trykket det har vore på småkraftprosjekt i Ørsta og Volda dei siste åra?

Kjenner du Tussa sine planer for vidare utbygging?

Du skal få informasjon frå oss om du tek kontakt.

Skal DNT ta del i eit Tussa- regissert arrangement, må DNT si stemme tale naturen og friluftslivet sin sak.

Eg veit at du kjenner landskapet mellom Urke – Øye – Patchellhytta og Slogen, det er jo eit av dei mest verdifulle smykka i det sunnmørske skrinet. Nett difor bør DNT markere at kvar ein meter veg inn i fjellet, og kvar ei elv i røyr i dette landskapet er eit nederlag i kampen som DNT og Naturvernforbundet bør stå saman om.

Med helsing frå Naturvernforbundet i Ørsta og Volda,

Knut Festø.

Mob 98469834