Du er her:

Illustrasjon frå klagen til Naturvernforbundet

Illustrasjon frå klagen til Naturvernforbundet.

Setergrytå kraftverk - Naturvernforbundet klagar på vedtak

Surnadal kommune har behandla utbygging av Setergrytå kraftverk som ein dispensasjon frå kommuneplanen. Naturvernforbundet peikar på at kommunen har oversett viktige naturverdiar i saken.

I klagen viser Naturvernforbundet til naturmangfaldlova som pålegg alle offentlege styresmakter å gjere sjølvstendige og heilskaplege vurderingar av omsynet til naturmangfald. Det at NVE har oversett viktige naturverdiar i si tidlegare saksbehandling er altså ikkje eit argument for at kommunen ikkje skal vurdere desse i si saksbehandling.

Naturvernforbundet er også kritisk til at kommunen har akseptert å behandle ei sak der det samla kunnskapsgrunnlaget når det gjeld naturmangfald er oppgitt å vere INGENTING, det er ikkje registrert noko verken i Naturbase eller i Artskart. Sweco, som gjennomførte ei kartlegging i 2013, har ikkje lagt sine registreringar inn i dei offentlege basene, noko som gjer at dette heller ikkje har blitt lagt til grunn i saksbehandlinga i kommunen. Dei tidlegare, svært mangelfulle, undersøkingane som er gjort, kan også tyde på at det er større naturverdiar i nedre del av vassdraget.

Naturvernforbundet er også kritiske til at ein permanent køyretrasé for ATV ikkje har krav om behandling i kommunen, medan stiar for friluftsføremål har slik plikt.

Artikkelen ble sist oppdatert: 26.04.2020