Du er her:

Vassuttak i Skorgeelva igjen


Foto: Jan Helge Rambjør
Brev til Norges vassdrags- og energidirektorat 21. januar 2010.
Naturvernforbundet i Vestnes har etter førespurnad til NVE fått svar av 8.1.2010 når det gjeld den siste sakshandsaminga som gjeld flaumuttak frå Skorgeelva. Vi har forstått det slik at NVE i to omgangar har vurdert vassuttak frå Skorgeelva til å vere konsesjonspliktig, og no sist gong er omsøkte ordning vurdert å ikkje vere konsesjonspliktig. Vi finn ikkje noko grensegang i når tiltaket er konsesjonspliktig eller ikkje, men det er i siste vedtaket referert til at det er tale om flaumuttak. Det tyder at grensa er overlete til eit visst skjønn. Denne skjønnsutøvinga ønskjer vi å kunne følgje med på.

Etter den siste sakshandsaminga i NVE ser det då ut til at Ørskogfjellet skisenter kjem til å etablere ei eller anna slags innretning i elva for å ta inn vatn under visse føresetnader.

Naturvernforbundet reknar no med at det vil bli bygd ein form for innretning i elva slik at det kan tappast vatn over i Ørskogfjellet skisenter sin dam, og at slik tapping berre finn stad under flaumvassføring. Vi går ut frå at det då må vere tale om ein byggesak etter plan- og bygningslova sin § 84. Vi ber om at Naturvernforbundet i Vestnes blir ført opp på kopilista i denne saka. Naturvernforbundet er ikkje å rekne som part i saka, men har rettsleg klageinteresse som følgje av at saka vedkjem både friluftsliv og naturverdiar. Viss det alt har vore sakshandsaming for dette spørsmålet, ønskjer vi kopi av slike dokument.

Vi ber og om at kommunen som plan- og bygningsmyndigheit ser til at tappeinnretninga blir gjort slik at det berre kan tappast vatn over i samledammen når det er flaumvassføring. Vidare ber vi om at denne utforminga blir gjort slik at dei som måtte gå forbi staden kan sjå at det ikkje blir tappa vatn når vassføringa er for lita. Det går fram av saka at Ørskogfjellet skisenter har laga til ei innretning slik at samledammen kan tømmast i elva ved vedlikehald. Også ei slik handsaming av vatn kan ha verknad for elva. Vi ber om at også denne sida av saka blir vurdert etter plan- og bygningslova slik at det ikkje skjer skade i elva ved slik uttapping.

Saka så langt har vore prega av løysingar, vurderingar og sakshandsaming som gjer at Naturvernforbundet ikkje har kjent seg trygg på at omsynet til naturverdiar og friluftsliv har vore vel i vareteken. Vi håper sakshandsaminga vidare kan betre på dette.

Bernt Gjelsten er leiar i Naturvernforbundet i Vestnes, han har telefon 97 18 60 58.


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen