Du er her:

Verknader av fiskeoppdrett - Erfaringar frå vassdrag i Vestnes kommune


Oppblomstring av lus vil alltid oppstå når mye fisk står tett sammen som i et oppdrettsanlegg.
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

I 1997 blei det funne ein døyande smålaks i Flatevågen på Vestnes. Det blei talt over 260 lakselus på denne fisken. Lakselusa er ein utvendig parasitt som livnærer seg av fiskens slimlag og skinn. Dette skulle vise seg å vere eit vardøger i høve til massive parasittangrep som ein konsekvens av oppdrett i kommunen. I 2007 hadde ein laks i Skorgenelva som vart fiska i juli eit påslag på over 200 lakselus. Lusa satt i tette brune klaser på ryggen, hovudet, og bak gattet. Dei siste 15 åra har det vore høge påslag av lakselus på fisk i Skorgenelva og Fiksdalselva gong på gong. I fleire tilfelle har me som fiskar i desse vassdraga sett att lusa har laga djupe kjøttsår med påfølgande soppinfeksjon på fisken. Ei rekke feltobservasjoner peiker og eintydig på særs høgt påslag av lakselus på sjøauren i same tidsrom. Sjøauren er særleg utsett for lusa då den har heile sin livssyklus knytta til fjorden og elva. Den vandrar ikkje ut i havområda på næringssøk. Tidlegare var det ein livskraftig og sterk sjøaurebestand i til dømes Skorgeelva. Naturvernforbundet spør om fleire generasjoner med postsmolt av sjøaure og villaks er slått ut av luseinfeksjon?

Tal frå miljøavdelinga i fylket i 2009 viser at det er ein fangsreduksjon på 70 % av sjøaure i fylket sidan år 2000. Naturen sitt mangfald taper mest på at laks og aure kjem vekk, men ein livsstil og ein kjær hobby for ei rekke personar fell og snart vekk. Elvefiskarkulturen er truga. Det er ikkje rettvist at nokre få personar skal tene seg rike på å øydelegge ei fellesarv. Det er umoralsk. Det er ei rekke stader på Vestlandet påvist stor dødeligheit av utvandrande laks og sjøauresmolt på vårparten, som ein konsekvens av sjølus som skuldast oppdrett. Nyare undersøkingar i regi av Havforskingsinstituttet i 2005 – 2008 tilsvarar høge luspåslag dei seinare åra i våre fjordar. Spesielt vart påslaga merkbart høgare frå Bolsøya og innover.

Villfiskbestandane betaler blodrenter – oppdrettarane vert rike

Naturen sjølv vil sørge for att lakselusa vert ein marin parasitt som eksisterer i ei balansert mengde. Mengda av lus vert regulert og tilpassa livssyklusen til villfisk. Dette heng tett saman med naturlege bestandstall av viltlevande laks og sjøaure, tilpassa heimevassdraget sine biologiske moglegheiter. Laksen i Børselva i Porsanger har ikkje hatt massive påslag av lus i tida 2005 - 2009. Der er det framleis normale påslag styrt av naturlege syklusar. Det er ikkje oppdrett nært elva i Børselv. Det er den enkle hovudforklaringa. Lakselusa skal vere ein naturleg forekommande snyltar i sjøen, men ikkje ei dødsårsak for utvandrande postsmolt av villfisk. Naturen tilpassar seg ikkje til menneskeskapt destruktivitet. Naturen har eit høgt utvikla samspel som det bærande og gjennomgåande prinsippet nedfelt i evigvarande syklusar. Biologer og veterinærer som er ansatt i oppdrettsnæringa veit vel det? Eller gløymer dei plutseleg erverva fagkunnskap når lønningane vert høgare enn hjå det offentlege? Dette må vere ei moderne form for Judaspengar å få på kontoen. Desse naturforskarane har ikkje etisk legitimitet, men kan sjølvsagt hoste opp ein rapport eller to som synleggjer seriøsitet og naturhensyn frå næringa si side. Me har lest nokre slike rapporter. ”Sanninga” i desse rapportane er nok i stor grad definert ut i frå kven som sitt på pengesekken?

Statleg og lokalpolitisk ansvarsfråskrivelse

Direktoratet for Naturforvaltning med tung spisskompetanse på ville laksebestander og vassdrag, fekk ikkje møterett hjå vår nye oppdrettseigande fiskeriminister, på eit krisemøte nyleg. Dei måtte stå skulerett på gangen. Den norske ambassadøren i Irland åtvarar mot at norsk oppdrett vert kritisert i utlandet gjennom kampanja til Pure Salmon Campaign i Canada. Det politiske systemet ryddar tydelegvis veg for at Statens Eksportråd og diplomatkorpset skal svikte villaks og aure med opne auge. Kva vil forresten lokalpolitikarar og embetsverket i ”oppdrettsfrisleppet” Vestnes kommune gjere framover? Kun tenke bedriftsøkonomisk? Seie at det ikkje er eit lokalpolitisk ansvar? Vise til eit sektordelt og overstyrt forvaltningsregime, som heilt tydeleg ikkje får lov til å meine noko anna, enn kva som tener lommeboka til statskassa og oppdrettsselskapa? Lokalpolitikarar må snart slutte å legge seg flate for argumenta om eit par arbeidsplasser som medverkar til vidare utarming av bruksmessig kultur- og naturarv. Naturvernforbundet godtek ikkje at naturarva vår forvitrar til å verte ein fiktiv papirverdi på ein børs, og difor uendeleg langt vekk frå fellesskapet si nedarva bruksrett. Boikott oppdrettsnæringa som forbrukar. Boikott miljøsyndene deira. Boikott og ansvarslause politikarar utan naturforståing. Notida og framtida toler ikkje dagens oppdrettsindustri. Ny teknologi og bærekraftige tankar må oppdrettarar snart ta inn over seg. Næringa er eigenrådig utan å eige allmeninga sin eigendom. Naturbrukarar har aldri gjett dykk slike rettar. Kun eit skinndemokrati har gjett dykk moglegheita. Næringa har i 25 år vore utan miljøetisk ryggdekning.

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar, Bernt Gjelsten

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58.


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen