Du er her:

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde.

Fornying av konsesjon for Havsul 1

Naturvernforbundet er kritiske til prosessane rundt fornying av vindkraftkonsesjonar. Det er problematisk at NVE godtar større endringar i den opprinnelege konsesjonssøknaden, utan å ta inn over seg at Stortinget har vedtatt naturmangfoldloven etter at den opprinnelege konsesjonen blei gitt.

Vi fekk kjennskap til at denne saka er på høyring noko tilfeldig i ettermiddag. Vi ser av kopilista at vi ikkje står der, men at såpass mange andre står der at vi, som var engasjerte med denne saka også i 2008, gjerne kunne fått tilsendt høyringsbrevet. Ei lite kunngjort høyring bidrar berre til større konflikt i saker som dette.

Konsesjon blei først gjeve i 2008 og forlenga i 2012. Sakshandsaminga i 2012 har vi ikkje kjennskap til. Vi legg til grunn at den truleg ikkje har vore særleg omfattande.

Søknaden om forlenga frist inneheld ein del føresetnader knytt til teknologien slik vi kjenner han i 2019. På andre tema er det ikkje like oppdatert. Opphaveleg dokumentasjon av biologisk mangfald følgde raudlista av 1998. Naturmangfaldlova blei sett i kraft eit år etter at konsesjonen blei gitt. NVE ville aldri godtatt 20 år gamle føresetnader og 15 år gamle grunnlagsdata for noko anna område, og kan difor ikkje gjere det når det gjeld biologisk mangfald heller. Det er vel berre fornminne og vin som moglegvis kan bli betre med ein slik periode.

I bakgrunnsdokumentet frå 2008 er det omtala at det er omstridd om kunnskapen om fugl er tilstrekkeleg i dette prosjektet. Det er i alle fall ikkje tvil lenger no. Det er heilt nødvendig med omfattande nye registreringar og vurdering av fugl.

Støy vil med vindturbinar montert på havbotnen gje seg utslag også som vibrasjonar i vatnet. Vi antar at ein sidan 2008 må ha funne ut noko meir om korleis dette verkar på organismar i havet. Dette er eit tema som no må få ei ny utgreiing før det kan avgjerast om fristen kan forlengast.

Søkjar opplyser at produksjonen frå Havsul I er rekna til 25% av samla forbruk i NO3 og vil føre til prisnedgang. Når kostnaden med vindturbinar i havet framleis er ein del større enn på land, må det bety at lønsemda ikkje er allverda. Då må det gjerast ei ny vurdering av fordeler og ulemper med dette tiltaket, der det blir lagt inn at eventuelt overskot vil bli mykje påverka av prisnedgang på straumen.

Konklusjon:

Det er såpass mangelfull kunnskap av nyare dato om det biologiske mangfaldet som gjer det nødvendig med heilt nye undersøkingar og heilt ny vurdering av om det kan gjevast konsesjon for vindkraftutbygging i området. Søknaden om forlenging av frist må difor avslåast.

Artikkelen ble sist oppdatert: 08.03.2020