Du er her:

Naturvernforbundet med krav om regional plan for vindkraft


Foto: Kristin Kværnsveen, Norges Naturvernforbund
Det går no eit felles brev til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim frå Naturvernforbunda i Møre og Romsdal, Sør Trøndelag og Nord Trøndelag. Naturvernforbundet ber om at Miljøverndepartementet grip inn og gjev pålegg om at det blir utvikla ein felles, regional plan for vindkraft og at vidare behandling av vindkraftanlegg i regionen blir stilt i bero inntil det er utvikla ein slik plan.
Både naturmessig, teknisk i forhold til utbygging av vindkraft og sett i samanheng med at regionen er i "same båt" når det gjeld energiforsyning er det svært naturleg å sjå vindkraftutbyggingane i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal i samanheng. Naturvernforbundet i dei tre fylka har tidlegare samarbeidd om å presentere løysingar når det gjeld kraftforsyninga i Midt-Noreg.

Naturvernforbundet har samanstilt planlagte vindkraftanlegg i ein eigen oversikt saman med brevet til miljø- og utviklingsministeren. Nesten alle vindkraftanlegga er foreslått plasserte i inngrepsfrie naturområde, noko som er i ferd med å bli sjeldent langs kysten av Midt Noreg, og som det difor er spesielt viktig å ta vare på. Vindkraftplanane som er kjente vil gi eit direkte tap av 550 km2 inngrepsfritt naturområde. I tillegg kjem det som går tapt ved framføring av kraftliner for å kople anlegga til sentralnettet. Stortinget ønskjer å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010, då må tapet av inngrepsfrie område stoppast.

Sør Trøndelag fylkeskommune arbeider med å få på plass ein fylkesdelplan for vindkraft, og ønskjer at planen skal vera regional. Problemet er at foreløpig ønskjer verken Nord-Trøndelag eller Møre og Romsdal å delta i utviklinga av ein slik regional, forpliktande plan for vindkraft.

Naturvernforbundet ber difor Miljøverndepartementet påleggje fylkeskommunane / fylkesmennene i Midt Noreg å utvikla ein felles, regional fylkesdelplan for vindkraft for heile Midt Noreg.

Naturvernforbundet ber også om at vidare behandling av vindkraftanlegg med tilhøyrande kraftliner i regionen blir stilt i bero i påvente av ein regional plan for vindkraft.

Kontaktpersonane i Naturvernforbundet er:

Øystein Folden
Leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Telefon 91 81 25 42
Per Flatberg
Leiar av Naturvernforbundet i Nord Trøndelag
Telefon 90 51 50 46
Mads Løkeland
Leiar av Naturvernforbundet i Sør Trøndelag
Telefon 95056726