Du er her:

Naturvernforbundet seier førebels nei til Havsul

Naturvernforbundet ser på konsekvensutgreiinga for Havsul I, II og IV som klarleggande: Manglande samla plan for vindmølleutbygging og manglande forsking på verknader på fugl gjer at utbygging ikkje kan finne stad. Forsking kan føre til at utbygging på eit seinare tidspunkt kanskje kan vere mogleg, tilpassa resultat av ny forsking, men denne moglegheita vil bli øydelagt om det blir bygd ut no.
Naturvernforbundet sine merknader er kort oppsummert:

1) Vi treng ein samordna plan for vindkraft i Møre og Romsdal for å få miljømessig betre grunnlag for å byggje.

2) Vi har for lite kunnskap om konsekvensane for fugl av vindkraftutbygginga. Det er nødvendig med tilleggsutgreiingar over tid.

3) Planane er i for stor grad på forsøksstadiet, noko området er lite eigna for.

4) Naturvernforbundet har konkrete forslag til reduksjonar i alle tre områda, når det gjeld Havsul IV er stort sett heile området i strid med verneplanen for sjøfugl.

5) Det er nødvendig med tilleggsutgreiingar på nokre felt når det gjeld kraftlinene til og frå dei tre felta.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid