Du er her:

Sjøfuglane stopper vindmøller


Død sildemåkeunge Foto: Martti Hario
Naturvernsaken står sterkare enn på mange år i fylket vårt. Det merkar vi i Naturvernforbundet, og det merkar vi på dei mange som organiserer seg i ulike lokale grupper knytt til vindkraft langs Mørekysten. Utgangspunktet er litt forskjellig, men det er veldig bra at engasjementet for kystnaturen no er så høg. I desse dagar er nemleg eit framlegg til verneplan for sjøfugl på høyring.

Tilstanden er svært kritisk for enkelte bestandar av sjøfugl langs delar av norskekysten. Dette gjeld særleg alke, lomvi, sildemåke, rødnebbterne, makrellterne, gråmåke og krykkje. Sviktande næringstilgang, auka taretråling, ferdsel på hekkeplassane, giftutslepp og oljeforureining er trugsmål mot sjøfuglane våre. I tillegg kan vi få vindmøller som

bokstaveleg talt gjer innhogg i sjøfuglbestandane.

Debatten om positive og negative konsekvensar av vindkraftutbygging kjem til å halde fram. Men det er ein ting som er sikkert: Vindmøller langs Mørekysten vil skade sjøfuglbestandane. Skadane vil vere ulike frå stad til stad på kysten, men mange stader kan så mange sjøfugl bli råka at sjølv riving av vindmøllene ikkje vil rette opp att skadane.

Ein omfattande og god verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal sikrar at også dei som kjem etter oss kan få høve til å oppleve store sjøfuglbestandar som ein viktig del av kystmiljøet vårt.

Vindkraftanlegga som no er under vurdering vil i stor grad bli plassert i konflikt med områder som inngår i forslaget til verneplan for sjøfugl. Blir desse lokalitetane verna, er dette i seg sjølv eit argument mot vindkraftutbygging på desse stadene. Når nokon arbeidar for å ta ut lokalitetar frå verneplanen, legg det havet klart for utbygging av vindmøller. Sentrale styresmakter vil heilt sikkert vurdere konflikt med verneplanområde som mykje meir alvorleg enn om områda ikkje blei funne verdige å kome inn i den vedtatte verneplana.

For Naturvernforbundet er verneplanen for sjøfugl viktig i seg sjølv. Som argument i vindmøllespørsmålet er verneplanen eit av dei viktige argumenta mot vindmøller. Når vi no ser engasjementet for bevaring av kystlandskapet så oppmoder vi at dette også blir eit engasjement for verneplanen for sjøfugl. Konstruktive innspel til forbetringar og oppretting av manglar som følgje av at reglane i verneplanen er litt sjablongmessige er på sin plass, men svekk ikkje engasjementet for verneplana av den grunn.

Naturvernforbundet ønskjer verneplanen for sjøfugl velkomen. Alle vindkraftmotstandarar bør saman med oss rope eit rungande ja til betre sikring av sjøfuglane i fylket. Ta avstand frå forsøka på å stoppe eller forseinke verneplanen.

Øystein Folden

leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid