Du er her:

Vindkraft og lokalisering


Foto: Kristin Kværnsveen, Norges Naturvernforbund
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Konfliktnivået er høgt når det gjeld vindkraft for tida. Det rett før den store stormen når NVE får avgjort ei heil rad vindkraftsøknader i Møre og Romsdal. Vindkrafta starta i si tid som ei interessant løysing miljømessig, men marknadskreftene har klart å styre vindkraftnæringa inn i farvatn som stadig vekk er svært konfliktfylte.

Rogaland fylke har vore lenger framme enn Møre og Romsdal når det gjeld fylkesplan for vindkraft. Det kan seiast mykje om slike fylkesplanar, men det kjem fram gjennom slike prosessar kvar det ikkje skal byggast. Så kan ein konsentrere seg om areala som kanskje tåler vindkraftutbygging og sjå nærare på dei. Å finne fram til ja-område med ein slik plan let seg ikkje gjere.

Det som er vel så spanande er å sjå kva vindkraftnæringa sjølv gjer med slike vindkraftplanar.

Rogaland kan nok ein gong vere eit døme. Etter vedtatt plan gjekk det ikkje meir enn nokre dagar så var det eit selskap som søkte om å få bygge vindkraftanlegg i nei-område. I januar kom meldinga frå miljørørsla i Rogaland: Dei sa nei til seks av sju søknader om vindkraft i området. Dei seks søknadene låg alle i nei-området. Den sjuande låg delvis i ja-område, men det var kome fram vesentleg ny informasjon om rovfugltrekk i området under søknadsprosessen. Så det er ikkje sikkert at det prosjektet er liv laga heller.

Vindkraftnæringa klagar over liten kapasitet til å handsame vindkraftsøknadene. Vindkraftnæringane har seg sjølv å takke når dei druknar NVE med grunnlause søknader.

Skal vindkraftnæringa ha noka framtid er dei nøydde til å spele på lag med naturen. Då er det om å gjere å begynne i andre enden: Finne fram til område med lågt konfliktnivå og så undersøke nærare om det er føresetnader elles for å få til noko. I mellomtida bør næringa trekke søknader som har vist seg å ha høgt konfliktnivå og konsentrere seg om prosjekt der konfliktnivået ser ut til å vere vesentleg lågare.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal