Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Vindmøller.

Vindkraft på Haramsøya - behov for nye vurderingar

Vindkraftplanar på Haramsøya fekk konsesjon til utbygging i 2008. I 2019 har planane blitt vekt til liv, og det blir no foreslått utbygging. Naturvernforbundet har i eit brev til NVE peika på ei rekke omsyn som ser ut til å vere for dårleg vurderte i utbyggingsplanane.

Naturvernforbundet peikar på at det har kome til mykje ny kunnskap sidan 2008. Her viser Naturvernforbundet både til ei rekke observasjonar av raudlista fugleartar i området som blir berørt, i tillegg til at det er påvist trollflaggermus i området.

Naturvernforbundet har i denne samanheng også innspel til planane om anleggsarbeid, og rår sterkt frå at bom på anleggsvegen blir fjerna.

Artikkelen ble sist oppdatert: 25.05.2019