Du er her:

Vindkraftanlegget på Harøya - spørsmål om naturundersøkingar

Naturvernforbundet ber Sandøy energi om miljøinformasjon.

Sidan det for 25 år sidan var mykje mindre merksemd rundt kva vindkraftverk har av påverknad på naturen rundt, vil det slik Naturvernforbundet ser det, vere nødvendig å gjere nye naturundersøkingar no, før det kan kome på tale med vidareføringa av konsesjonen.

Naturvernforbundet ønskjer å få opplyst frå Sandøy energi kva som er gjort av slike undersøkingar sidan selskapet fekk konsesjonen. Vidare om Sandøy energi t.d. har gjort observasjonar av fuglar og andre artar som har kome til skade eller har blitt påverka av anlegget. Vidare om det har skjedd endringar i myrområde der det blei bygd vegar i samband med anlegget.

Artikkelen ble sist oppdatert: 03.11.2021