Du er her:

BOKANMELDELSE: Bredo Berntsen, Grønne linjer 2011

Tanke og handling i norsk naturvern

Les tidligere leder i Naturvernforbundet Erik Solheims anmeldelse av Bredo Berntsens bok Grønne linjer, om natur- og miljøvernets historie i Norge.

For meir enn hundre år sidan tok pionerane til orde for å halde delar av norsk natur unna den økonomiske kloa.  Alt den gongen var mange uroa over kor raskt den nye teknikken forsynte seg av skog og fjell.  Pionerane som handla, var personar med ulik bakgrunn; mange høyrde til ein danna elite av botanikarar, zoologar og andre naturfagkunnige.  Alle hadde henta inspirasjon frå åndsfrendar ute i verda, først og fremst USA og Tyskland. 

Dei første tankane som førde fram til det moderne naturvernet, kom med romantikken på 1800-talet.    I 1909 heldt Nordahl Fischer Wille, professor i botanikk i Oslo, eit foredrag der han la grunnlaget for det vi i dag vil kalle eit økologisk fundert naturvern.  I 1910 kom vår første naturvernlov, ein politisk aksept av at naturen har viktige verdiar som han er, utan at materien vert til materiell nytte.  Men først i 1962, 90 år etter USA, fekk vi vår første nasjonalpark, Rondane. 

Den lange vegen frå tanke til handling har Bredo Berntsen igjen streka opp i Grønne linjer. Natur- og miljøvernets historie i Norge.    Den førre utgåva kom i 1994.  Grundig og velformulert, tilgjengeleg for alle som kan lese, gjer Berntsen greie for det som har hendt og for dei ideologiske konfliktane som skapte utviklinga.  Det vil truleg overraske mange kor stor breidde det er i sakene det har stått strid om, og kor tidleg mange var ute med tankar som har stått seg til denne dag. 

Fart og kraft i vernet av naturmiljøet vart det først i 1970-åra.  Dei som spør etter resultat av innsatsen, vil finne at freding – klassisk naturvern – har bore dei største fruktene.  Over 16 prosent av landarealet ligg under ei eller anna form for vern.  Nesten 400 vassdrag er skjerma mot kraftutbygging, etter ein langvarig kamp som utløyste dei største miljøkonfliktane i Norden.  Så er Noreg også fosselandet framfor noko i Europa, og var det i endå større grad.  Eit anna lyspunkt er ein kraftig reduksjon av dei giftige og på andre måtar øydeleggande utsleppa til luft og vatn, frå industrien, avfallssystema og søppelfyllingane.  Planane om atomkraft enda i skuffene etter at folkeleg motstand og velkvalifisert motekspertise fekk overtaket i 1970-åra.

På den andre sida:  Naturvern fekk aldri hemme den økonomiske veksten.  Vi fekk aldri noko gjennombrot for tanken om at økologiske omsyn må stå over dei økonomiske.  Dei forvitrande kreftene må av og til jenke seg, men sjeldan vike.  Vekst og vern vart det politiske kompromisset på 1970-talet.  Teknikken skulle hjelpe til å dempe skadane av ein veksande økonomi.  I dei fleste tilfella har den samla effekten av meir teknikk vore det motsette, større samla forbruk av råvarer og energi. 

Grønne linjer er ei eineståande bok.  Ein ting er at ho er åleine på feltet.  Viktigare er det at utsynet over historia gjev godt innsyn i dagens situasjon.  Eg har sjølv hatt mykje glede og nytte av den tidlegare utgåva.  For alle som står midt i kampen, er boka ei kjelde til fleire og betre argument.  I dag kan vi få inntrykk av at framtida for naturmiljøet mest dreiar seg om pragmatiske løysingar.  Aktørane er mange og systema som har med saka å gjere er kompliserte.  Det er lett å komme på villstrå i alle detaljane.  Ordet miljø har det trongt under ein ordrik velvilje.  Boka fortel at miljøvern er ein del av verdikampen.  Økonomisk vinning på kort sikt står mot vedlikehald av livsgrunnlaget på lang sikt.  Ho er ei kjelde til klokskap, og til oppmuntring – kampen har gjeve vesentlege resultat, som dei fleste er glade for etterpå. 

Nyheter

IMG_0034

Restartparty

12.04.2016

Miksmastere, hårfønere, blendere, lamper og CDspillere. For å nevne noe. Alt er ødelagt, men det meste kan restartes. Men hva gjør de fleste? De kaster det og kjøper nytt. Derfor begynte et lokallag av Friends of the Earth i London å arrangere restart parties.

Oslo, Tøyen 2014

Sofaens reise

12.04.2016

En sofa er ikke bare til å sitte i. Den er også en reise gjennom en families liv.

Oppslagsbilde

ALT for Førdefjorden

18.03.2016

De lenket seg fast for å stanse dumping av gruveslam i Førdefjorden. Det har kostet dem dyrt; arrestasjoner, bøter, opphold på glattcelle og snart venter rettssaker og soning av straff. Natur & miljø har viet denne plassen til dem.

Hiuttak%20jerv[1]

Skyter jervevalper med nakkeskudd

13.01.2016

Aldri før er flere jervefamilier drept i norske jervehi. Statens naturoppsyn (SNO) jakter med helikopter, graver opp hi og skyter nyfødte jervevalper med nakkeskudd. Når ungene er døde, dreper de mora. Jaktformen skaper sterke reaksjoner.

Handyman foto Let Ideas Compete Flickr

Bli årets fikser!

11.01.2016

Er du en fikser? Har du reparert, pusset opp eller fikset noe som var ødelagt eller utgått på dato? Send oss bilder og bli med i vår fiksekonkurranse!

Gaveinnpakning

Miljøvennlige julegavetips

15.12.2015

Er du lei overfylte kjøpesentre, plastemballasje og glanset julepapir? Ta julen tilbake ved å lage dine egne miljøvennlige julegaver.

DSC_0478

Gir søppel nytt hjem

15.12.2015

Gunilla og Eivind kan trylle. Ting som noen kaller søppel – verdiløst og forlatt, ting uten hjem – forvandles til trendy interiør. Eller kanskje en helt unik julegave …

350

Paris-avtalen vedtatt

12.12.2015

I dag ble Paris-avtalen vedtatt under klimatoppmøtet. Dette er den første klimaavtalen som omfatter hele verden. Natur & miljø har fulgt fremleggelsen og debatten frem til vedtaket klokken 19.26 lørdag kveld.

Viser fra 133 til 144 av totalt 403 artikler