MIAS KJØKKEN - Mindre plast, mer røtter
25.05.2018
Bloggeren Mia Frogner kjemper en stadig kamp for å holde plasten ute av kjøkkenet sitt. Det betyr mer rotgrønnsaker og lærdom fra bestemødrene sine.
BOKANMELDELSE: Bredo Berntsen, Grønne linjer 2011
For meir enn hundre år sidan tok pionerane til orde for å halde delar av norsk natur unna den økonomiske kloa. Alt den gongen var mange uroa over kor raskt den nye teknikken forsynte seg av skog og fjell. Pionerane som handla, var personar med ulik bakgrunn; mange høyrde til ein danna elite av botanikarar, zoologar og andre naturfagkunnige. Alle hadde henta inspirasjon frå åndsfrendar ute i verda, først og fremst USA og Tyskland.
Dei første tankane som førde fram til det moderne naturvernet, kom med romantikken på 1800-talet. I 1909 heldt Nordahl Fischer Wille, professor i botanikk i Oslo, eit foredrag der han la grunnlaget for det vi i dag vil kalle eit økologisk fundert naturvern. I 1910 kom vår første naturvernlov, ein politisk aksept av at naturen har viktige verdiar som han er, utan at materien vert til materiell nytte. Men først i 1962, 90 år etter USA, fekk vi vår første nasjonalpark, Rondane.
Den lange vegen frå tanke til handling har Bredo Berntsen igjen streka opp i Grønne linjer. Natur- og miljøvernets historie i Norge. Den førre utgåva kom i 1994. Grundig og velformulert, tilgjengeleg for alle som kan lese, gjer Berntsen greie for det som har hendt og for dei ideologiske konfliktane som skapte utviklinga. Det vil truleg overraske mange kor stor breidde det er i sakene det har stått strid om, og kor tidleg mange var ute med tankar som har stått seg til denne dag.
Fart og kraft i vernet av naturmiljøet vart det først i 1970-åra. Dei som spør etter resultat av innsatsen, vil finne at freding – klassisk naturvern – har bore dei største fruktene. Over 16 prosent av landarealet ligg under ei eller anna form for vern. Nesten 400 vassdrag er skjerma mot kraftutbygging, etter ein langvarig kamp som utløyste dei største miljøkonfliktane i Norden. Så er Noreg også fosselandet framfor noko i Europa, og var det i endå større grad. Eit anna lyspunkt er ein kraftig reduksjon av dei giftige og på andre måtar øydeleggande utsleppa til luft og vatn, frå industrien, avfallssystema og søppelfyllingane. Planane om atomkraft enda i skuffene etter at folkeleg motstand og velkvalifisert motekspertise fekk overtaket i 1970-åra.
På den andre sida: Naturvern fekk aldri hemme den økonomiske veksten. Vi fekk aldri noko gjennombrot for tanken om at økologiske omsyn må stå over dei økonomiske. Dei forvitrande kreftene må av og til jenke seg, men sjeldan vike. Vekst og vern vart det politiske kompromisset på 1970-talet. Teknikken skulle hjelpe til å dempe skadane av ein veksande økonomi. I dei fleste tilfella har den samla effekten av meir teknikk vore det motsette, større samla forbruk av råvarer og energi.
Grønne linjer er ei eineståande bok. Ein ting er at ho er åleine på feltet. Viktigare er det at utsynet over historia gjev godt innsyn i dagens situasjon. Eg har sjølv hatt mykje glede og nytte av den tidlegare utgåva. For alle som står midt i kampen, er boka ei kjelde til fleire og betre argument. I dag kan vi få inntrykk av at framtida for naturmiljøet mest dreiar seg om pragmatiske løysingar. Aktørane er mange og systema som har med saka å gjere er kompliserte. Det er lett å komme på villstrå i alle detaljane. Ordet miljø har det trongt under ein ordrik velvilje. Boka fortel at miljøvern er ein del av verdikampen. Økonomisk vinning på kort sikt står mot vedlikehald av livsgrunnlaget på lang sikt. Ho er ei kjelde til klokskap, og til oppmuntring – kampen har gjeve vesentlege resultat, som dei fleste er glade for etterpå.
25.05.2018
Bloggeren Mia Frogner kjemper en stadig kamp for å holde plasten ute av kjøkkenet sitt. Det betyr mer rotgrønnsaker og lærdom fra bestemødrene sine.
19.05.2018
13.05.2018
Har du dumpet avfall i sjøen? Satt igjen teiner og garn? Møt de som fisker opp skrotet du ikke tok med deg.
12.05.2018
–Jeg tror at jeg kan få til store endringer fra innsiden her, sier tidligere WWF-leder Nina Jensen. Som sjef for Kjell Inge Røkkes gigantiske nye havforskningsprosjekt er plast i havet øverst på lista over miljøproblemene hun ønsker å løse.
23.04.2018
Hva har vannloppe, krill, blåskjell, torsk, sild, havhest og gåsenebbhval til felles? De lever i vår verden, de har vært her lenge – og de spiser plast.
20.04.2018
Det er ikke mangel på informasjon. Det er ikke det at vi ikke forstår. Likevel forsøples naturen hver eneste dag av plast vi lett kunne puttet i søppelkassa.
19.04.2018
Hver eneste time strømmer millioner av små plastbiter ut i Oslofjorden fra Vestfjorden Avløpsanlegg. Det er den samme historien i hver havn, hver elv, hver innsjø der avløpsvann renner ut. Vannet er fullt av mikroplast.
19.04.2018
Oppskrift på plastplukkevanter med Naturvernforbundet-logo
13.04.2018
Slitasje fra bildekk er den klart største kilden til mikroplast i naturen i Norge. Natur- og miljøvernere har fått enda en god grunn til å be folk om å kjøre minst mulig bil.
07.12.2017 | Sist oppdatert: 07.12.2017
Bare tre prosent av skogene i Norge er vernet, resten ligger åpnet for hogst. – Situasjonen er veldig dramatisk. Vi må ha en milliard til skogvern hvert år om vi skal redde mangfoldet i norske skoger, sier Trude Myhre. Hun gikk 643 kilometer for truede arter og gamle trær i sommer.
31.10.2017
Hvorfor går Honorata Gajda rundt i et naturreservat i Asker og rykker små edelgraner opp med rota? Og hvorfor gir staten hvert år tillatelse til å plante ut trær som skader norsk natur?
30.10.2017
Millioner av plastkuler ligger strødd på Frierstranda i Telemark. Rett på den andre siden av fjorden ligger Norges største plastfabrikk, INEOS Bamble.