Du er her:

Foto: Kim Abel

Foto: Kim Abel.

Naturvern

Torskebarnehagen

Det er ikkje berre på land det veks gras. Også i sjøen fins det store grasenger – ålegrasenger, og akkurat som savannene i Afrika er også ålegrasengene heim til eit yrande dyreliv.

Du kjenner kanskje ålegras mest som noko litt ekkelt som snor seg rundt beina dine på enkelte badestrender? Skaffar du deg dykkarmaske og snorkel til neste badetur kan du få ein ny oppleving av ålegrasengene. Ligger du rolig og flyter over ålegraset kan du kanskje få auge på små fiskar som sym rundt innimellom graset, eller nokon av dei mange andre artane som bur i ålegrasengene.

Heim for fisk, reker og skjell
Mange forskjellige fiskar, reker og skjell veks opp i ålegrasengene. Fleire artar lever heile livet sitt fastsittande på eit vaiande gras, medan andre brukar ålegraset som gøymeplass for fiendar medan dei er små. Mange fiskar gyter her sånn at neste generasjon også skal få vekse opp i eit beskytta område rikt på mat. På ålegraset veks det algar som små dyr i vatnet beitar på. Desse små dyra er igjen mat for torsk, lyr, kviting og andre fiskar som har ålegrasengene som oppvekst- og leveområde. Også den trua ålen har ålegrasenger som eit viktig oppvekstområde. Fleire fuglar, som ender og svaner, beitar direkte på ålegraset. Totalt kan det vere over 200 000 individer av ulike dyr per kvadratmeter av ålegras!

Torsken, ein av våre aller viktegaste matfiskar, er ein av dei artane som ålegrasengene er spesielt viktige for. I ålegrasengene kan den vesle fisken både gøyme seg for større fiendar mellom graset, og finne mat i form av små krepsdyr, børstemark og mindre fisk som også lever i ålegrasengene. Kysttorsken har opplevd ein kraftig nedgang, og å ta vare på ålegrasengene kan vere eit viktig tiltak for å ta vare på torsken og sørgje for mat på middagsbordet.  

Dempar effekten av forureining
Ålegraset er ikkje berre viktig som leveområde for mange dyr og plantar, det reinsar også vatnet! Ålegraset veks på sand og mudderbotn på grunt vatn ned til ca 10 meter, og likar seg best i beskytta bukter og grunne viker. Dette er områder som ofte blir forureina av kloakkutslepp, overgjødsling i jordbruket og utslepp frå fiskeoppdrett. Dette skaper problem for mange av artane som lever der. Men ålegraset klarar å ta opp og uskadeleggjere dette overskotet av næring i sjøen, og omdanne det til friskt plantemateriale. Spesielt det trua dvergålegraset kan ta opp mykje av denne overskotsnæringa, og dermed hjelpe mange andre artar til å overleve.  Også ålegraset får derimot problem viss forureininga blir for ille. Fleire stadar langs Norskekysten er det sannsynleg at dvergålegras har forsvunne på grunn av kraftig forureining.

Beskytter strendene
Tette enger av ålegras fungerer som bølgjedemparar, slik at krafta i bølgjene blir dempa før dei når land. På same måten som vegetasjon på land hindrar at jord blir vaska ut i elver og bekker ved kraftig regnvær, hindrar ålegrasengene at sjøbotn blir vaska vekk ved kraftig uvær og store bølgjer. På den måten vernar dei kysten, sikrar eit stabilt miljø i grunne viker og bukter og hindrar erosjon langs strendene.  

Motverkar klimaendring og havforsuring
Ålegras er ein av verdens mest produktive undervassplanter. Det betyr at ålegraset tek opp mykje CO2 og næringsstoff som det omdannar til oksygen og grønt plantemateriale. Dermed er det med på å redusere CO2-innhaldet i havet og hindre havforsuring. Når ålegraset dør og blir begravd av sedimenter på sjøbotnen blir dette karbonet lagra der, heilt til nokon eventuelt om fleire milionar år pumpar det opp igjen som olje. 

Pass på ålegrasengene

Det viktegaste vi alle kan gjere for å bevare dei viktige ålegrasengene er å hjelpe til å hindre forureining og utbygging i strandsona. Bruk www.artskart.artsdatabanken.no til å finne ut om det er registrert ålegrasenger i nærleiken av der du bur. Veit du om ei ålegraseng som du ikkje finn i artskart kan du sjølv gå inn og registrere den. Følg med og undersøk hos kommunen dersom du mistenker ulovlege inngrep i strandsona. Du kan lese meir om kva lovar og reglar som gjeld i strandsona og korleis du kan gå fram dersom du mistenker noko ulovleg på http://miljojuss.no/tema/strandsone/.