Du er her:

Vassdragsvernar Torfinn Sanden (nummer fire frå venstre) og varaordfører Benedikte Nes (nummer tre frå høgre) ønskjer velkommen til Vassdragstreff!

Vassdragsvernar Torfinn Sanden (nummer fire frå venstre) og varaordfører Benedikte Nes (nummer tre frå høgre) ønskjer velkommen til Vassdragstreff! Foto: Jostein Hellevik.

Vassdragstreffet 2020 til Tokke i Telemark!

Naturvernforbundet sitt årlege arrangement har fleire gongar bidratt til at vassdrag har blitt redda frå utbygging. No er det Lårdalsåi som skal få ein god skuv mot det samme målet. Bli med på Treffet 4.-6. sept og lær meir om praktisk vassdragsvern!

-I dag handlar det om å redde det vesle vi har igjen, og om naudhjelp til det som er utbygd, seier Torfinn Sanden, vassdragsvernar gjennom mange år og medlem i Naturvernforbundets Vassdragsvernråd. – Med dette arrangementet blir deltakarane godt rusta til å styrke vassdragsvernet fram over, meiner Benedikte Nes, varaordfører i Tokke frå MDG og medarrangør.

Det er ein opprømt duo som no ser at alle dei viktigaste brikkane er på plass foran årets vassdragstreff i september. Lokalt var målet å mobilisere motkraft til støtte for den trua og verneverdige Lårdalsåi, kombinert med innspel til kommande «vilkårsrevisjon» av Tokkeåi.  Tokkeåi huser framleis ein av dei få gjenverande storaurestammane i landet, men stammen lever på ein knivsegg takka vere mellom anna kraftutbygging. Dei to vasssdraga vil stå i sentrum for arrangementet, men programmet er lagt opp slik at det skal ha overføringsverdi for vassdragsvern kor som helst i landet. Sanden peiker spesielt på desse innslaga:

  • Miljøpolitisk nestleiar i WWF Jon Bjartnes innleiar om overordna perspektiv på naturens verdi, med vekt på vassdrag
  • Torbjørn Høitomt frå BioFokus legg fram ny rapport om naturverdiane i Lårdalsåi. (I kartlegginga som ligg føre frå utbyggaren er det nesten ikkje påvist noko som helst.)
  • Storauren i Tokkeåi, ved Morten Kraabøl frå Multiconsult.
  • Politisk debatt med blant anna Haltbrekken (SV), Dørum (V), Hermstad (MDG), Westgaard-Halle (H) og truleg Vågslid frå Telemark AP

ved sidan av innlegg frå kraftutbyggar, Fylkesmann, Statkraft og andre.

- I Tokke kommune er om lag 98 prosent av kraftpotensialet bygd ut, konstaterer Nes og spør:
- Når skal nok vere nok? Det handlar om verdien av levande vassdrag. Om kvart einskild vassdrag med sin unike plass i lokal natur. Livsnerva i landskapsrom og natur.

- Vassdragstreffet set fokus på naturens eigenverdi, verdien vassdrag har for naturen, og kor viktige verdiar naturen representerer på alle måtar for dyr, planter og for menneskeslekta, seier Sanden.

Her finner du programmet:
https://naturvernforbundet.no/arrangementer/vassdragstreff-2020-article40446-198.html

HER KAN DU MELDE DEG PÅ VASSDRAGSTREFFET

Arrangørane bak Vassdragstreffet   

• Vassdragsvernrådet i Naturvernforbundet

• Den Norske Turistforening

• FNF Telemark

• Naturvernforbundet Midt-Telemark

• Tokke kommune

• Midtre Telemark vannområde

Artikkelen ble sist oppdatert: 19.06.2020