Du er her:

  • Nyheter
  • Innstilling på nytt sentralstyre
Innstilt ledelse for Naturvernforbundet 2021-2022

Innstilt ledelse for Naturvernforbundet 2021-2022.

Innstilling på nytt sentralstyre

Valkomiteen har avgitt si samrøystes innstilling på nytt sentralstyre for Naturvernforbundet 2021-2022. Som ny leiar foreslår valkomiteen Truls Gulowsen og som ny nestleiar foreslår valkomiteen Pernille Hansen. Nytt sentralstyre blir valt under Landsmøtet 23.-25. april.

Ny leiar: Truls Gulowsen (Oslo og Akershus)


Image
Alder: 47 år (i mars 2021)
Bustad: Oslo
Utdanning: Naturforvaltar frå NMBU på Ås. 
Yrke: Politisk rådgjevar i Regnskogfondet med særleg fokus på situasjonen i Brasil. 
Mobil: 901 07 904
E-post: trulsgulowsen@gmail.com 

- Det er i miljøbevegelsen eg kjenne meg heime, og eg har enorm respekt for Naturvernforbundet si demokratiske forankring og enorme rolle i norsk miljøvern. Å kunne overta leiarvervet etter miljøbautaer som Silje Ask Lundberg og Lars Haltbrekken i sjølvaste naturåret 2021 kjennes eigentleg uverkeleg bra, seier Truls Gulowsen. 

Truls Gulowsen bur i Oslo med to barn, han har sambuar i Stockholm. Han er naturforvaltar frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås med mellom andre Sigmund Hågvar som professor. 

Etter studia på Ås begynte han i Greenpeace Norge, og han bidrog her til at organisasjonen i større grad enn tidlegare fungerte som ein del av norsk miljøbevegelse. Som leiar i Greenpeace frå 2007 til 2019 har han vore avgjerande i arbeidet med å styrke truverdet til organisasjonen og rolla i norsk miljøbevegelse. Han har også vore ei tydeleg stemme i norsk og internasjonal miljødebatt over lang tid. Viktige hovudsaker for Truls har vore energisparing, oljefondet, oljeleiting i Arktis, Lofoten og Barentshavet, Equinor si tjæresandsatsing og utanlandssatsing elles, klimasøksmålet, samarbeid om klimajobbar, regnskog, oppdrett, miljøgifter, overfiske og marint vern. Truls har god erfaring med strategisk kampanjearbeid, media, politikk og forhandlingar med både miljøbevegelse, fagbevegelse og næringsliv. 

- Eg  kryssar alle fingrar for at Landsmøtet vil ha meg, og eg lovar å gjere mitt aller beste for både Naturvernforbundet, medlemane og norsk natur. Naturvernet har fått ei ny oppvakning i år, og den skal vi bruke for alt ho er verdt, avsluttar Truls Gulowsen. 

Sjå videoen under for å bli betre kjend med Truls. 

 

Ny nestleiar: Pernille Hansen (Oslo og Akershus)


Image
(Foto: UiO/Nadia Frantsen)

Alder: 36 år
Bustad: Oslo
Utdanning: Doktorgrad i språkvitskap 
Yrke: Førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskolen i Innlandet
Telefon: 997 74 337
E-post: pernihansen@gmail.com 

Pernille Hansen kjem frå Molde, og bur i dag i Oslo. Pernille vart vald inn i sentralstyret på landsmøtet i 2018. I si tid i sentralstyret har ho mellom anna leia arbeidet med nye etiske retningslinjer og retningslinjer for handtering av varslingssaker. Ho var også medlem i vedtektskomiteen som arbeidde fram til landsmøtet 2018. 

Frå 2016 til 2021 har Pernille vore leiar av Naturvernforbundet i Oslo Øst. Tidlegare har ho vore regionsekretær (2005 – 2006), fylkesleiar (2007) og sentralstyremedlem (2007 – 2009) i Natur og Ungdom. Ho har dessutan vore tilsett i Naturvernforbundet Hordaland (2007) og Miljøagentane (2012). 

Pernille har arbeidd med og er interessert i eit stort spekter av miljøsaker, mellom anna klima, samferdsel og jordbruk. Ho har også arbeidd organisatorisk med medlemsvekst, opne arrangement og sosiale medier. Pernille er opptatt av å gjere Naturvernforbundet meir inkluderande og trekke fleire unge vaksne inn som aktive. Pernille er 36 år. 

Sjå videoen under for å bli betre kjend med Pernille. 


 

Fast medlem: Øyvind Johnsen (Vestfold)

Alder: 66 år
Bustad: Tønsberg
Utdanning: Statsvitar  
Yrke: Fagdirektør i Husbanken

Øyvind Johnsen blei vald inn som vara i sentralstyret i 2015, og har vore nestleiar sidan 2016. Han har vore styremedlem i Naturvernforbundet i Tønsbergdistriktet i ei årrekke, og han var leiar av Naturvernforbundet i Vestfold i perioden 2007-2018. Øyvind har vore engasjert i naturvern sidan ungdomsåra, og var mellom anna med i samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm) sine aksjonar mot skogsbilvegar i Nordmarka på 1970-talet. Øyvind er opptatt av at Naturvernforbundet skal vere ein brei og politisk uavhengig medlemsorganisasjon som tar vare på alle typar naturvern- og miljøengasjement. 

 

Fast medlem: Kari Merete Andersen (Trøndelag)

Alder: 64 år
Bustad: Trondheim 
Utdanning: Økolog  
Yrke: Aksjonist og naturvernar på heiltid 

Kari Merete Andersen blei vald inn i sentralstyret i Naturvernforbundet i 2018. Ho har vore styremedlem i Naturvernforbundet i Trøndelag i mange år. Ho er utdanna økolog og har m.a. arbeidd i Direktoratet for Naturforvaltning, Trondheim kommunerevisjon, Regionalt forskningsfond og Høgskolen i Nord-Trøndelag der ho underviste i miljøleiing og miljøutfordringar i næringslivet. Kari Merete er opptatt av at det er to kriser vi må jobbe med parallelt, klimakrisa og naturkrisa, og legg vekt på at Naturvernforbundet må vere kunnskapsbasert i argumentasjonen vår. Ho ser på arealkonfliktar som ei av dei største utfordringane vi står overfor. 

 

Fast medlem: Wenche Skorge (Rogaland)

Alder: 65 år
Bustad: Stavanger 
Utdanning: Journalist  
Yrke: Frilans kommunikasjonsrådgjevar og aktiv samfunnsdebattant.  

Wenche Skorge blei vald inn i sentralstyret i Naturvernforbundet i 2018. Ho har vore medlem av styret i Naturvernforbundet i Rogaland sidan 2016. Ho jobba mange år i oljebransjen og har mellom anna vore informasjonsdirektør i Statoil. Ho har også hatt ei rekke styreverv, til dømes som styremedlem i Skagenfondene, Viking Fotballklubb og Amnesty Norge. Wenche er opptatt av at klimagassutsleppa må ned, samstundes som vi tek vare på naturmangfoldet. Vi er i ei viktig omlegging av økonomien og samfunnet, og Naturvernforbundet må leggje press på styresmaktene for å sikre framdrift og balanse, ikkje minst i samferdselspolitikken. 

 

Fast medlem: Kjell M. Derås (Finnmark)

Alder: 67 år
Bustad: Alta 
Utdanning: innan sosialt arbeid, jordbruk og media/formidling
Yrke: Aktivist og naturvernar

Kjell M. Derås har vore varamedlem og fast medlem i sentralstyret i Naturvernforbundet sidan 2015. Han er opprinneleg frå Namdalseid. Han har vore lokallagsleiar i Levanger (1994-2006), og landsstyrerepresentant for Nord-Trøndelag (2005-2015). Han har i ei årrekke arbeidd med formidling og forsvar av naturgrunnlaget for sørsamisk kultur. Han blei tidleg miljøaktivist og aktiv i samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm) på 1970-tallet. Han var sterkt engasjert i folkeaksjonen mot skytefelt på Fosen, Forrakampen og kampen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget. Sidan har han jobba både med ei rekke store naturvernsaker og med formidling av naturglede. I 2017 flytta Kjell til Billefjord i Porsanger, han er der tilknytt Sjøsamisk kompetansesenter. Dei siste åra har han vore aktiv i lokallag og i fylkesstyret i Finnmark. Han har vore spesielt engasjert i blant annet Kalvvatnkampen, som ble vunnen i 2016, og andre vindkraftsaker.


Første varamedlem: Ingebjørg Marie Thorkildsen (Vestfold)

Alder: 21 år
Bustad: Skoppum 
Yrke: Økonomi- og administrasjonsmedarbeidar i Zero 

Ingebjørg Marie Thorkildsen var aktiv i Natur og Ungdom frå 2015, både i lokallag, fylkeslag og landsstyre. Lokalt arbeidde ho mykje med samferdsel, klimarett og kampen mot dumping av gruveavfall i norske fjordar. Frå sommaren 2018 frem til januar 2021 var Ingebjørg sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Her arbeidde ho særleg med olje- og gruvesaker. Ingebjørg har også vore ein pådrivar for studentarbeidet i NU, og ho har vore tilsett som studentsekretær. Hun har også vore medlem av Gruveutvalet til Naturvernforbundet. 

Andre varamedlem: Nasir Ahmed (Oslo og Akershus)

Alder: 37 år
Bustad: Oslo 
Yrke: Produktansvarleg billett og pris i Ruter AS 

Nasir Ahmed har lang erfaring med kollektivtrafikk og med lokalpolitikk og er for tida inne i si tredje periode som bystyrerepresentant for Arbeiderpartiet i Oslo. Også her har han mellom anna jobba med samferdsel og luftforureining. Han er også aktiv i NTL. Nasir er opptatt av forbrukerretta naturvern og av å finne den rette balansen mellom forbruk og det å skape nye grøne arbeidsplassar. Nasir har lang erfaring med å delta i den offentlege debatten og vil i tillegg til sin faglege bakgrunn kunne bidra med utforming av uttalelser og kronikker og nå ut til grupper der Naturvernforbundet tradisjonelt står svakt. 

Tredje varamedlem: Nyonga Rugumayo Amundsen (Sogn og Fjordane)

Alder: 57 år
Bustad: Nordfjordeid 
Utdanning: Hovudfag i bioteknologi frå Universitetet i Oslo.
Yrke: Leiar for opplæring og integrering i Stad kommune 

Nyounga Rugumayo Amundsen har brei nasjonal og internasjonal røynsle, med eit spesielt engasjement for forsking, teknologi og innovasjon. Nyonga har hatt tillits- og leiarverv i fleire ulike organisasjonar, som Polyteknisk Forening (2007-2015) og Right to Sight Norway (2013-2015). Hun har vore aktiv i Naturvernforbundet i fleire år og var fylkesleiar i Sogn og Fjordane i perioden 2018-2020. Nyonga er opptatt av marin forsøpling, biologisk mangfold, fjordsaken og grøn kvardag. 

Fjerde varamedlem: Gaute Rolv Dahl (Trøndelag)

Alder: 50 år
Bustad: Trondheim 
Utdanning: Samfunnsgeograf
Yrke: Samferdselsplanlegging i Trøndelag fylkeskommune 

Gaute Rolv Dahl kjem opprinneleg frå Mo i Rana og har vore aktiv i miljøbevegelsen sidan han meldte seg inn Natur og Ungdom i 1986 og har etter det m.a. vore aktiv i Spar Saltfjellet. I dag er han leiar av Naturvernforbundet i Trondheim. Gaute er opptatt av det som ofte blir kalla klassisk naturvern, men er opptatt av å også sikre livsgrunnlaget for menneska gjennom å arbeide for å redusere forureining. Gaute er opptatt av samanhengen mellom organisasjonsbygging og jobbing med saker og at dette må gjerast parallelt. 

Artikkelen ble sist oppdatert: 12.03.2021