Du er her:

  • Nyheter
  • Regjeringa må si nei til Kjøsnesfjorden kraftverk

Regjeringa må si nei til Kjøsnesfjorden kraftverk

- Å gå inn i ein nasjonalpark for å få til kraftutbygging vil vere å søkje maksimal konflikt med omsynet til verdfull natur. Norges Naturvernforbund oppfattar Sem-erklæringa som ein lovnad om ikkje å godkjenne nye utbyggingar av slike dimensjonar som den aktuelle i Kjøsnesfjorden og i så verdfull natur, seier leiar Erik Solheim i Norges Naturvernforbund. Forbundet tar no opp saka i eit brev til regjeringa.
Olje- og energiminister Einar Steensnæs Postboks 8148 dep

0033 OSLO Den 6. desember 2002

Kjøsnesfjorden kraftverk

Norges Naturvernforbund oppfattar Sem-erklæringa som ein lovnad om ikkje å godkjenne nye utbyggingar av slike dimensjonar som den aktuelle i Kjøsnesfjorden og i så verdfull natur som det handlar om i dette tilfellet. Samarbeidsregjeringa viser til ”verdien av å sikre de gjenværende naturområdene” og ”hensynet til kommende generasjoners naturopplevelser” som tilseier å la dei aller fleste vassdraga som står igjen bli urørde. Å gå inn i ein nasjonalpark for å få til kraftutbygging vil vere å søkje den maksimale konflikt med omsynet til verdfull natur.

Vi viser òg til Innst.S.nr 263 (2000-2001), der fleirtalet, alle unnateke Framstegspartiet, har om lag same formuleringa som Sem-erklæringa.

Norges Naturvernforbund viser vidare til tilrådinga frå NVE om ikkje å gje konsesjon til utbygginga i Kjøsnesfjorden, og grunngjevinga for standpunktet.

Vi vi nedanfor peike på nokre punkt vi meiner er viktige for avgjerda:

1. Forholdet til nasjonalparken
Landskapet er etter verneføresegna verna mot alle tekniske inngrep, som er nærare lista opp. Unnateke frå desse reglane er ma.
”-regulering av Trollavatn (998 moh) som ligg delvis innanfor vernegrensa i Jølster kommune, i samband med eventuelle utbyggingstiltak utanfor nasjonalparken dersom dette blir plassert i kategori I i Samla plan for vassdrag (understreka her).”

Det er altså ikkje opna for å godta andre inngrep enn regulering av Trollavatnet innanfor vernegrensa. Det aktuelle alternativ 2 for Kjøsnesfjorden kraftverk inneber 5 bekkeinntak innanfor nasjonalparkgrensa. Dette bør i seg sjølv vere nok til å avvise søknaden. Den er ikkje utforma etter dei vilkåra som gjeld.

Det er etter vår oppfatning ikkje dekning for, slik m.a. søkjaren har hevda, at Stortinget eller regjeringa i tidlegare dokument har opna for den aktuelle utbygginga. I St.meld. nr 25 (1987-88) Om nasjonalpark i Jostedalsbreområdet skriv Miljøverndepartementet at dei var innstilte på ”mindre justeringar av nasjonalparkforslaget” dersom prosjektet framleis kunne komme i kategori I i Samla plan. Dette var altså i forslaget frå departementet, ikkje i det endelege vedtaket frå regjeringa. Etter vedtaket gjeld vernereglane, som vi har nemnt ovanfor.
Det må vere svært tungtvegande grunnar som skal til for å flytte nasjonalparkgrensa, både av omsyn til den storarta naturen i området og av omsyn til konsekvensane i andre tilfelle. Slike grunnar ligg ikkje føre.

Etter vår oppfatning er det heller ikkje slik at plassering av eit prosjekt i kategori I inneber lovnad om konsesjon til prosjektet. Vi viser her til vurderinga frå NVE i ei anna sak i Jølster. Det galdt søknaden om regulering av Trollebotsvatnet, som då låg inne i nasjonalparken. I dette tilfellet var det i foredraget til kgl. res. av 25.10.91 opna for å justere grensene dersom ei regulering skulle bli aktuelt. Prosjektet vart på denne bakgrunnen plassert i kategori I.

NVE la ikkje vekt på kategoriplasseringa og vurderte at ”det er ikke avgjørende om man må flytte grensene for nasjonalparken eller ikke. Stortinget har tidligere i forbindelse med behandlingen av stortingsmeldingen om Jostedalsbreen nasjonalpark gitt uttrykk for at man må være varsom med inngrep i nærområdene til nasjonalparken og .... verdien av urørt natur i denne saken må veies mot de økonomiske fordelene samfunnet oppnår ved reguleringen.”

Norges Naturvernforbund er samd i at det må vere realitetane i saka som er avgjerande. Det er ingenting ved nasjonalparkprosessen eller Samla plan som gjev argument for konsesjon til utbygging.

Ei framtidsretta forvaltning av nasjonalparkane må hindre inngrep i randsonene for å ta vare på dei verdiane som låg til grunn for vernet. Det vanlege i Noreg har vore, som for Jostedalsbreen, å verne berre det som i andre land ville vere kjerneområdet i ein større nasjonalpark med restriksjonar også i dei ytre delane. Naturen er normalt ikkje slik at vi kan sikre verdiane innanfor ei grense dersom vil slepper til større inngrep like utanfor grensa.


2. Reduksjon av inngrepsfrie område
I landet sør for Nordland er berre rundt 5 prosent av arealet villmarksprega område. Sogn og Fjordane har mindre, vel 4 prosent. Utbygging i Kjøsnesfjorden vil redusere dette arealet med litt over 12 kvkm, som meir enn det doble av det årlege bortfallet i 1988-98. Også inngrepsfrie areal i sone 1 (3-5 km frå større inngrep) vil minke med over ein tredel av det årlege gjennomsnittet i den same perioden.

Etter vår oppfatning er dette uakseptabelt mykje, og ei viktig innvending mot planane. Søgnesanddalen er den einaste av sidedalane i Jølster som ikkje har veg. Som naturfenomen og landskap er Jostedalsbreen med dei næraste sidedalane og moreneområda eit svært verdifullt naturområde utan større inngrep.


3. Direkte negative konsekvensar
Konsekvensutgreiinga for Kjøsnefjorden Kraftverk viser at alternativ 2 vil gje
- svært store eller store negative konsekvensar for både naturvern og friluftsliv.
- middels negative konsekvensar for geologi, landskap og kulturminne og kulturmiljø.

Med sine mange breelvar er Lundebotnen inst i den trange Kjøsnesfjorden ein spesiell og vekslande dramatikk, ulikt resten av Sunnfjord. Turruta opp Lundeskaret og over til Fjærland er ei av dei klassiske over den sørvestre delen av Jostedalsbreen. Terrenget er bratt, men tilkomsten er likevel enkel frå vegen. At området ikkje har spesielt stor trafikk, kan ikkje vere eit argument for at det er mindre verdt. Ein del av poenget med å ta vare på inngrepsfrie område er å sikre for framtida dei spesielle opplevingane slike område gjev. Dette er ein av kvalitetane ved vårt land, og vi kan ikkje forvalte natur som om vi var dei siste med meining om saka.


4. Omsynet til kraftbalansen
Vidare kraftutbygging kan ikkje sikre straum nok til eit stadig veksande forbruk. I lengda ville det rasere vår vassdragsnatur. Norges Naturvernforbund støttar den satsinga regjeringa har lagt opp til for å spare elektrisitet og å nytte meir varmeenergi til oppvarming. Stigande elprisar gjev betre økonomisk grunnlag for alternativ oppvarming. Regjeringa bør halde konsekvent fast ved alternativsatsinga og ikkje gje konsesjonar som kan skape inntrykk av at ny vasskraft likevel er eit forsvarleg innslag i energiforsyninga. Vi viser til at NVE i dette tilfellet har komme til at omsynet til naturen bør gå framom omsynet til kraftbalansen.


5. Konklusjon
Norges Naturvernforbund meiner både saklege omsyn til Jostedalsbreen nasjonalpark og dei negative konsekvensane av utbygginga for naturvern og friluftsliv tilseier at regjeringa må avslå konsesjonssøknaden for Kjøsnesfjorden Kraftverk. Det dreiar seg om eit svært konfliktfylt inngrep i nasjonalparken og eit verdfullt nærområde. Nei til konsesjon i Kjøsnesfjorden er ja til den gode ånda i Semerklæringa.


Med venleg helsing

Erik Solheim
leiar