Du er her:

Nytt frå valgkomiteen

Valgkomiteen har no intervjua dei aller fleste sentral- og landsstyremedlemmene i Naturvernforbundet og vi har fått eit godt inntrykk av tilhøva i organisasjonen.   

Av leiartrioen vår har Truls Gulowsen og Pernille Hansen sagt at dei vil stille til attval for neste periode. Synnøve Kvamme har meldt frå at ho ikkje vil gjere det (les hennar eigne ord om kvifor nederst i teksten).   

Også dei andre sentralstyremedlemmene, Kjell M. Derås, Kari Merete Andersen og Øyvind Johnsen,  ynskjer å stille til attval. Av varamedlemmene ynskjer 1. varamedlem Ingebjørg Marie Torkildsen og 4. varamedlem Gaute Rolv Dahl å vere med vidare.

Valgkomiteen vil med dette minne om at det er høve til å melde inn forslag til kandidater til sentralstyret fram til 21. januar.  Vi oppmodar spesielt lokal- og fylkeslag til å ha ein prosess for å få meldt inn aktuell kandidatar som valgkomiteen kan ta stilling til, men alle medlemmer i Naturvernforbundet og Natur og ungdom kan spele inn kandidatar. Forslag skal sendast skriftleg via dette skjemaet.  

Sentralstyret si viktigaste oppgåve er å stå for den daglege drifta av Naturvernforbundet, inkludert Naturvernforbundets sekretariat gjennom generalsekretæren. Det er vanlegvis 4-6 møter i året i tillegg til telefonmøter. Sjølv om varamedlemmene ikkje har stemmerett blir dei alltid invitert med, og det er forventa at dei deltek aktivt i arbeidet. Ei viktig oppgåve for sentralstyret er å vere med og førebu politiske saker som skal opp i landsstyret. Alle som sit i sentralstyret er også med i landsstyret og deltek på landsstyremøtene.  

Ein kan ta kontakt med valgkomiteen ved å nytte valgkomite@naturvernforbundet.no. Denne e-posten når kun medlemmene i valgkomiteen. Alternativt kan ein kan ta direkte kontakt med valgkomitemedlemmene: 

  • leiar Jon Anders Stavang, jastavang(a)live.com
  • Aslak Heika Hætta Bjørn, aslak.bjorn(a)gmail.com
  • Ingerid Angell-Petersen, ingeridangellp(a)gmail.com
  • Annie Henriksen,  anniebazi(a)gmail.com
  • Olav Aga, olavnlaga(a)gmail.com

 

Og til slutt nokre ord frå Synnøve
Det er og har vore spennande, lærerikt og gjevande å vera nestleiar i Naturvernforbundet – men det er også eit utfordrande verv å kombinera med å vera fylkessekretær i Hordaland, eit svært aktivt fylkeslag. Å få tida til å strekka til og samtidig ha eit liv utanom Naturvernforbundet har ikkje vore enkelt. Derfor har eg bestemt meg for å ikkje stilla til attval som nestleiar på landsmøtet i 2022. Valkomiteen har spurt om det kunne vera aktuelt for meg å stilla dersom frikjøpet kunne aukast, til dømes til 50%. Det har eg svara at det ikkje er, og den viktigaste grunnen er at eg trivst så godt som fylkessekretær i Hordaland at eg ikkje ynskjer å gå ned i stillingsprosent. I tillegg er eg no i ein fase av livet der eg ynskjer å ta det litt meir med ro enn eg har gjort dei siste 15 åra, og nestleiarvervet fortener nokon som kan gå heilhjarta inn i det med energi og pågangsmot.  

Eg vil seia tusen takk for tilliten eg fekk då eg blei innstilt og valt som nestleiar, eg er veldig takksam for det, og for alt det kjekke og spennande eg har fått vera med på, og for alle dei gode folka eg har fått jobba saman med og blitt kjent med.
 
 

Artikkelen ble sist oppdatert: 03.01.2022