Påmelding til landsmøte 2021
Påmelding til landsmøte 2021 er open fram til 19. mars klokka 23:55.
Trykk her for å gå til påmeldingsskjema for landsmøte.
I følgje vedtektene til Naturvernforbundet skal årsmøta i lokallaga og fylkeslaga velje delegatane til landsmøtet (Vedtektene §3-3, 3.a-b, §8-5,10.b, og §9-7, 6).
Kvart lokallag har ein delegat. Vi ber om at de hugsar å velje vara for delegaten i år, slik at dersom delegaten dykkar er forhindra frå å delta på grunn av sjukdom at de har ein vara som kan steppa inn.
I tillegg har fylkeslaga delegatar basert på medlemstal per 31.12.2020:
Fylkeslag | Delegatar |
Østfold | 3 |
Oslo og Akershus | 7 |
Hedmark | 2 |
Oppland | 3 |
Buskerud | 3 |
Vestfold | 3 |
Telemark | 2 |
Agder | 3 |
Rogaland | 4 |
Hordland | 5 |
Sogn og Fjordane | 2 |
Møre og Romsdal | 3 |
Trøndelag | 5 |
Nordland | 3 |
Troms | 3 |
Finnmark | 2 |
Natur og Ungdom | 12 |
Artikkelen ble sist oppdatert: 14.01.2021