Du er her:

Reise til landsmøtet

Vi oppfordrar alle til å reise kollektivt til landsmøtet, det enklaste alternativet er å nytta buss til Førde. Under finn du meir informasjon om dette. Vi vil i tillegg sette opp felles transport frå Trondheim og Oslo til Førde.

Felles transport

Vi vil sette opp felles transport frå Trondheim og Oslo til landsmøtet. Desse vil vere framme i Førde torsdag kveld, med stopp undervegs der de kan kjøpe noko å ete. 

Frå Trondheim vil bussen køyre følgande strekning: Værnes lufthavn - Trondheim S - Førde (dette betyr at de frå Nord-Norge kan kome til Værnes eller Trondheim S med tog/fly og ta felles transport vidare). 

Frå Oslo vil bussen køyre Oslo - Førde direkte (eventuelt med stopp på Hønefoss) reisande frå Austlandet bes om å kome til Oslo med Tog/Buss. 

Vi er no i gang med å henta inn tilbod frå ulike busselskap, men kan allereie no seie at bussen frå Oslo vil gå klokka 16:00 på torsdag ettermiddag. Bussen frå Trondheim ser vi for oss at har noko tidligare avgangstid. 

Vi vil etter å ha henta inn tilbod og valt busselskap, sette opp ein eigenandel for fellestransporten. Denne vil faktureres saman med eigenandel for sjølve landsmøtet. 

Kollektivtransport

Frå Trondheim: 
Nor-Way NW431 - Fjordejspressen går torsdag kveld klokka 20:00 frå Trondheim (00:45 Otta skysstasjon) og er framme i Førde fredag morgon klokka 06:05. 

Frå Oslo: 
VY (tidligare Nettbuss) VY170 Sogn og Fjordaneekspressen går frå Oslo torsdag kveld 21:40 (Oslo lufthavn 22:35, Hønefoss 23:40, Gol 02:15) og er framme i Førde 06:55 fredag morgon. 

Frå Bergen
Det er fleire bussavgangar dagleg frå Bergen til Førde.
Det er også mogleg å reise med hurtigbåt frå Bergen til Florø og vidare til Førde med buss. Båten går frå Bergen kl. 8.00, med ankomst Florø kl. 11.30.

Ihuga togreisande kan ta Bergensbana til Myrdal og Flåmsbana vidare til Flåm ved Sognefjorden. 
Avgang1:  Oslo 8.28 – Flåm kl. 14.25. Buss vidare til Førde kl. 14.40, framme kl. 18.05
Avgang 2: Oslo 12.02 – Flåm kl. 18.45. Buss vidare kl. 19.40, framme i Førde kl. 22.00

Vi oppmodar dei som har høve til det å ta tog, buss og/eller båt. Ver tidleg ute med reisebestillinga på tog også, slik at de får minipris.

Det er daglege flygingar med Widerøe til/frå Oslo og Bergen, men her må ein vere ute i god tid, elles vert billettane knalldyre om dei i det heile er å oppdrive.

Reiseutjamning

Vi har ein reiseutjamningspott, dei som har reiseutgifter på meir enn 2000 kroner per pers kan få refundert utgiftene over 2000 kroner. Frist for å søke reisestøtte er 15. juni 2020.

Artikkelen ble sist oppdatert: 11.02.2020