Du er her:

Barnas våtmarksdag

Tid: 02.09.2018 kl. 12:00-15:00

Sted: Mostun Natursenter

https://www.facebook.com/events/667255140284480/

Kom og bli med på kjekke familieaktivitetar for store og små:

- Aktivitetsløype: Bli myrforskar og lær meir om kva som lev i myrene!

- Dyreliv: Stavanger museum har med nokre av dei spanande dyra du kan finne i våtmarkene, her kan du kome tett på og ta ein endå nærare kikk!

- Fuglekassesnekring: Snekre din eigen fuglekasse slik at standfuglane eit vinterskjul i vinter, og når våren kjem har fuglane ein plass å hekke.

- Akvarellmaling: mellom kl. 12-14 kan du bli med på familieverkstad på Stavanger kunstmuseum. Me skal hylle Mosvatnet som vår nærmaste våtmark med eit utendørs familieverksted. Me skal dyppe akvarellpapir i vann fra Mosvatnet for så å male akvareller inspirert av området rund museet. (Det kan bli vått og kaldt, så ta på gode klede).

- Bålkos: Me tenner opp i bålpanna og ein kan få seg pinnebrød og varm saft, eller grille noko medbrakt. 

Kaféen på Mostun natursenter held sjølvsagt også ope.

Barnas våtmarksdag er ei feiring av dei viktige våtmarkene. Våtmarksområde, som gjerne har eit rikt plante- og dyreliv, høyrer til ofte også dei biologisk mest produktive områda i verda. Mange er også viktige rekreasjonsområde for menneske. Mosvatnet er til dømes ei våtmark, og ei våtmark kjenneteiknes av landformer der vatn speler ei viktig rolle.