Du er her:

  • Rogaland
  • Bru er ei det beste- sats kollektivt til Vassøy

Bru er ei det beste- sats kollektivt til Vassøy

Naturvernforbundet støtter Statens Vegvesen som mener fortsatt ferjedrift til Vassøy er bedre enn alternativene; bru eller tunnel. Forbundet fremholder at en oppgradering av ferjetilbudet er langt å foretrekke framfor bru. Ei bru til Vassøy via Langøy vil føre til en brutal endring av det lågmælte øylandskapet og rasere svært sentrale friområder for byens befolkning. Det vil også være negativt for bomiljøene på Bjørnøy og Hundvåg som vil en betydelig biltrafikk fra Vassøy om en tar høyde for den omfattende boligbyggingen som er planlagt på øya.

Uttalelse vedrørande konsekvensutgreiing for fastlandsforbindelse Fv385 til Vassøy i Stavanger

Naturvernforbundet i Rogaland støttar Statens vegvesen sin konklusjon om at oppgradering av ferjetilbodet mellom Stavanger og Vassøy er den beste løysinga for å betjene Vassøyfolket sine transportbehov.

Fastlandsforbindelse med bru eller tunnel vil ha svært negativ effekt på landskapet sin estetiske verdi og befolkninga si tilgong til samanhengande friluftsområde. Det vil også være eit steg i feil retning med tanke på oppfølging av fylkesdelplan for samferdsel i Rogaland («bidra til at en større andel av trafikken skjer kollektivt og på gang- og sykkelveg»).

Vassøy og området rundt er ope og vakkert, og dette særmerkte landskapet gjev rekreasjonsverdiar som er unike for Stavanger. Omfattande tekniske inngrep som skissert under brualternativa vil øydelegge heilskapen i landskapet.

I tillegg har skjærgården fleire hekkeområde for sjøfugl, der allereide hardt pressa bestandar av mindre måkeartar søker tilflukt. Paradoksalt nok har desse bynære områda blitt stadig viktigare for dei mindre måkeartane etter at småbåtturismen i ytre skjærgård har auka på.

Området Langøy-Sandøy er sentralt for aktivitetane til Lundsvågen naturskole. Området blir aktivt brukt i undervisningssamanheng, og viser barn og unge kystnatur på sitt beste. Tekniske inngrep i området reduserer kjensla av nærleik til naturen og reduserar opplevelsesverdien i området sterkt. Ein bilbasert tilgang til Langøy vil kunne føra til omfattande inngrep i den søndre del av øya i form av bilveg og parkeringsplass. Inngrepa vil skje i et så godt som ubebygd kulturlandskap som i gjeldande kommuneplan (2002-2017) er vist som framtidig friområde. Biltrafikk på og ved Langøy vil endra karakteren i området dramatisk og mange av dei kvalitetane øya har i dag for rekreasjon og opplevelse vil verta forringa. Stavanger har i forbindelse med handsaminga av kommuneplanen for 2006-2021 understreka den aukande trongen for ”stilleområder”. Den funksjonen har Langøy i dag. Med fastlandsforbindelse vil denne funksjonen verta betydelig redusert.

Naturvernforbundet i Rogaland ser behovet for eit betre transporttilbod for den vaksande befokninga på Vassøy. Det offentlege transporttilbodet har vore prega av lite fleksibilitet og vedvarande usikkerhet mhp Fylkeskommunen sin investeringsvilje. Naturvernforbundet meinar imidlertid at det er mogeleg å gje Vassøyfolket eit betre, og ikkje minst eit langt meir stabilt transporttilbod, også utan fastlandsforbindelse.

Naturvernforbundet i Rogaland har fylgjande kommentarar rundt alternativa skissert i Vegvesenet sin rapport:

Utviding av ferje- og hurtigbåttilbodet

Alt 1a- oppgradering av ferjeleiene på Vassøy og sentrum, auka hurtigbåt og ferjetilbod:

Alternativet har få eller ingen negative konsekvensar for natur og miljø. Naturvernforbundet meinar dette er klart beste løysing.

Alt 1b -nytt ferjeleie på Bjørnøy

Nytt ferjeleie medfører at friområde på Bjørnøy vert mindre. Konsekvensanalysen si delanalyse for natur refererer til sjeldne karplanter i området, men utbreiinga av desse er mangelfult utreda.

Fastlandsforbindelse -bru

Felles for alle brualternativa er forringelse av heilskapen i det særmerkte landskapet. Bruspennet vil rage 25m over vannflata, medan ingen av dei omkringliggjande holmane er høgare enn 17m. Forringelsen av landskapet vert ytterlegare forsterka av dei enorme fyllingane. Ved vannflata vil fyllingane innsnevre Langøysundet med 110m, Vassøysundet med 390m. Sjølv om SINTEF fastslår at brualternativet ikkje vil bidra til eutrofiering eller stagnante vannmassar, er undersøkingane gjort med utgangspunkt i kva som er akseptabel vassutskiftning og straumstyrke for navigering gjennom sunda. Ein kan dermed ikkje konkludere om moglegheitene for at endringar i vannstraumen kan påvirke næringstilgangen for sjøfugl i området. I tillegg kjem øydelegginga av hekkeområdet på Siriskjær.

I to av dei tre brualternativa er det forutsett forbindelse til Langøy med bru eller fylling. Av Byøyane med fast båtruteforbindelse er Langøy det desidert viktigaste og mest brukte friområdet. Øya er berre 420 dekar og er i dag ein fredfylt og bilfri plett, skjerma frå byens støy. Langøys særmerkte og verdfulle preg som natur- og rekreasjonsområde vil verta kraftig redusert med bruforbindelse og tilhøyrande biltrafikk. Øya vil endra totalt karakter, og eit sett av viktige verdiar for byens befolkning vil forsvinna.

Naturvernforbundet vil på det sterkaste frarå alle dei skisserte bruløysingane.


Fastlandsforbindelse -tunnel

Begge tunnel-alternativa inneber mindre miljø- og landskapsmessige inngrep enn brualternativa, og er såleis meir skånsomme inngrep med tanke på bevaring av heilskapen i skjærgårdslandskapet.

Inngrepa i områda for tunnelinnslag er likevel store, og Torvmyra våtmarksområde vil gå tapt. Dette er eit av kommunen sine få gjenverande våtmarksområde, og inngrepet vil såleis ha stor negativ effekt på det biologiske mangfoldet i Stavanger.

Det bør også påpeikast at Rogaland fylkeskommune vil gå baklengs inn i framtida ved å redusere kommunale friområde for ei vaksande befolkning, samt sei nei til eit velfungerande kollektivtilbod for å tvinge heile Vassøy over på privatbilisme. Dette kan vanskeleg slå godt ut mhp. tilbodet til unge på Vassøy, som har vore eit eit hyppig argument for fastlandsforbindelse i media.

Stavanger 15.06.05 Naturvernforbundet i Rogaland

Ketil Waagbø (s) Erik Thoring Fung. styreleiar Dagleg leiar

Sakshandsamar: Tone Telnes

Nyheter

NETTSIDE

NY NETTSIDE!

02.05.2019

Fra og med torsdag 2.mai er denne nettsiden historie. Nå finner du oss på rogaland-naturvern.no

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler