Du er her:

  • Rogaland
  • Flaggermusdagar på Haugalandet
Kreativiteten var på topp

Kreativiteten var på topp.

Flaggermusdagar på Haugalandet

I vinterferien vart det arrangert flaggermusdag med snekring av flaggermuskassar ved Haugesund og Karmøy folkebibliotek. Store og små fann vegen for ein storslått dag med flaggermus i fokus.

Få av oss veit særleg mykje om dette mystiske nattaktive pattedyret, som me har heile 13 artar av i Noreg.

Visste du, til dømes, at på verdsbasis finst det fleire artar flaggermus enn gnagarar?

…at ei enkelt flaggermus i Noreg kan spise opptil 3000 innsekt, kvar natt?

…at når dei heng opp ned så «låser» dei av bakbeina slik at det ikkje vert for tungt for dei å hengje?

Det vart snekra flotte flaggermuskassar som ungane fekk ta med seg heim, og til stor glede og skrekkblanda fryd var det også med to ekte flaggermus (daude). Visninga av desse potensielle leigebuarane til kassen gjorde det heile ekstra spanande.  Kreativiteten var på topp og det vart laga mange fine Batman- og flaggermusmasker, klipt ut håndflaggermus samt teikna og fargelagt flaggermus. Det vart også hengt opp ei utstilling som viste flaggermusartar i Noreg, og forklaringa på kvifor dei heng opp ned.

Det var to trivelege dagar på Haugalandet, og me håpar mange flaggermus finn vegen til kassane.

Opplegget vart gjort mogleg av Miljøsamarbeidet Haugesund, Karmøy og Tysvær.

Nyheter

NiR styret

Årsmøte i NiR mandag 9.april

21.03.2018

Mandag 9.april kl. 17 holder Naturvernforbundet i Rogaland årsmøte i Stavanger kulturhus, Møteplassen. Etter årsmøtet blir det innlegg og debatt om Sørlandsbanen.

Eik Foreknuten

Hvor mange hule eiker har Stavanger?

12.03.2018

Det er det ingen som vet i dag. Derfor inviterer vi deg til å være med og kartlegge byens gamle eiker. Vi arrangerer eikerally søndag 18.mars med start fra Mostun natursenter kl 11.

Viser fra 21 til 24 av totalt 500 artikler