Du er her:

  • Rogaland
  • Hammarslag - eit sikkert vårteikn på Mostun
Foto: Espen Mills

Foto: Espen Mills.

Hammarslag - eit sikkert vårteikn på Mostun

Alle fuglar, små dei er, kan no kome tilbake til splitter nye fuglekassar spredt rundt i hagane i Stavanger.

Takket være midler frå Naturvernforbundet og Stavanger kommune har heile 265 elevar frå stavangerskulane kunne snekre seg kvar sine fuglekassar til odel og eige.

Det går slag i slag – hammarslag, og det vert eit nokså høgt desibelnivå på tunet når 30 elevar hamrar på kvar sin kasse. Men det er som musikk i  øyrene til dei tilsette her på tunet; eit sikkert vårteikn og eit flott bidrag til småfuglane som ikkje lengre har like mange naturlege hulrom å hekke i.

Image

Før me snekrar kassar tek me føre oss livet i våtmark  og snakkar om trekk- og standfuglar og ulike  måtar å byggje reir på. Me ser óg på film og bilete frå blåmeisparet som budde fuglekassen vår med kamera for nokre år tilbake.

I år har me igjen hengt opp fuglekasse med kamera, og håpt på leigetakerar. Men etter eit blåmeispar på visning har det stått tomt. Me kryssar likevel framleis fingrane for at nokon etternølerar finn kassen vår og hiv seg rundt. Men med 265 alternative nye bustader rundtom i byen så har me kanskje spikra oss sjølve i foten denne gong… 

Image

Me minner om at alle som har snekra seg ein fuglekasse i vår, anten med klassebesøk hit, på eitt av våre søndagsarrangement, eller heime i garasjen, kan registrere kassen på oppdragfuglekasse.no og vera med i trekninga av mange kjekke fuglerelaterte premiar.

Alle bilete: Espen Mills

Nyheter

Side 10-11 bore

Ikkje lov å nydyrke skog på Bore

11.05.2018

Ein bonde på Bore i Klepp får ikkje lov til å nydyrke fem dekar skog attmed Jærstrendene landskapsvernområde. Naturvernforbundet og Ornitologisk Forening har fått medhald i sin klage på vedtaket gjort av politikarane i Klepp.

Ansatte I

Hele landet kommer til Stavanger

18.04.2018

Det er 49 år siden landsmøtet i Naturvernforbundet sist ble arrangert i Stavanger. Nå skjer det igjen samtidig med at fylkeslaget fyller 90 år. Vi er klare til å gi landets ypperste naturvernere en uforglemmelig opplevelse!

Viser fra 25 til 28 av totalt 500 artikler