Du er her:

  • Rogaland
  • Ikkje lov å nydyrke skog på Bore
Den vesle skogteigen på marka bak p-plassen på Bore kan ikkje nydyrkast, har fylkesmannen bestemt.

Den vesle skogteigen på marka bak p-plassen på Bore kan ikkje nydyrkast, har fylkesmannen bestemt.

Ikkje lov å nydyrke skog på Bore

Ein bonde på Bore i Klepp får ikkje lov til å nydyrke fem dekar skog attmed Jærstrendene landskapsvernområde. Naturvernforbundet og Ornitologisk Forening har fått medhald i sin klage på vedtaket gjort av politikarane i Klepp.

Den aktuelle skogteigen grensar til landskapsvernområdet. Sommaren 2016 blei cirka eit dekar av skogen rydda av bonden. Arealet er registrert som viktig naturtype og ryddinga var ikkje omsøkt. Bonden søkte så om å rydde og deretter nydyrke skogteigen. Administrasjonen i kommune innstilte på avslag, men politikarne meinte det ikkje var viktige naturverdiar i området og ga løyve. Dette løyvet påklaga Naturvernforbundet og Ornitologisk Forening. Klagen ble avvist av Klepp-politikarne, men no har fylkesmannen gjeve klagarane medhald. 

Bonden får ikkje jordarbeide, gjødsle, så, sprøyte eller kalke det aktuelle området. Han kan leplante med godkjende treslag. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast. 

Nyheter

Eik Foreknuten

Hvor mange hule eiker har Stavanger?

12.03.2018

Det er det ingen som vet i dag. Derfor inviterer vi deg til å være med og kartlegge byens gamle eiker. Vi arrangerer eikerally søndag 18.mars med start fra Mostun natursenter kl 11.

Flaggermus  - hjemmeside

Flaggermusdagar på Haugalandet

26.02.2018

I vinterferien vart det arrangert flaggermusdag med snekring av flaggermuskassar ved Haugesund og Karmøy folkebibliotek. Store og små fann vegen for ein storslått dag med flaggermus i fokus.

Viser fra 33 til 36 av totalt 500 artikler