Du er her:

  • Rogaland
  • Inga kraftutbygging i Jøsenfjorden

Inga kraftutbygging i Jøsenfjorden

NVE gjev ikkje løyve til bygging av Segadal kraftverk i Jøsenfjorden. Dei negative konsekvensane er for store i høve til fordelane med kraftproduksjon. Stavanger Turistforening gjekk sterkt i mot utbygginga og har fått fullt medhald.

Segadal kraftverk i Segadalsåna var planlagt med ein installert effekt på 4 MW og ein årleg produksjon på om lag 12,2 GWh. NVE meiner dei negative konsekvensane i hovudsak er knytt til vassdragets verdi som eit markert landskapselement i Jøsenfjorden, samt den samla belastninga ved fråføring av vatn i eit av få attverande større urørte vassdrag ned mot fjorden i området. Segadalsåna har to markerte løp eksponert ut mot fjorden. Ei utbygging vil etter NVE sitt syn øydelegge landskapskvalitetane ved at alt vatnet fråføres i det eine løpet og at det store delar av året berre vil renne minstevassføring i det andre. I tillegg kjem tekniske inngrep som anleggsveg og røyrgate, som vil gje varige synlige merker og vere svært eksponert mot fjorden i et stort landskapsrom. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Segadal kraftverk. 

Nyheter

Dobbelbekkasin

Ja til forbud mot dyrking av myr

06.02.2019

- I løpet av de siste hundre årene har vi mistet en tredjedel av myrarealet grunnet nydyrking, uttak av torv og andre inngrep, og vi har kommet til et punkt der vi ikke kan miste mer, skriver Naturvernforbundets Stein Johan Warland i denne kommentaren.

Viser fra 9 til 12 av totalt 500 artikler