Du er her:

  • Rogaland
  • Korleis få attende dei artsrike slåttemarkene?
Foto: Erik Thoring

Foto: Erik Thoring.

Korleis få attende dei artsrike slåttemarkene?

Dette spørsmålet var tema under foredraget om slåttemarker på vårens siste Natur på torsdag-foredrag

Slåttemarkene er ugjødsla enger som tradisjonelt sett vart slått for å skaffe vinterfôr til husdyra. Svært mange artar har slåttemarkene som leveområde, men i dag har både slåttemarkene og mange av artane som bur der, vorte sjeldsynte.

På nordsida av Mostun natursenter er me i gong med å etablere vår eigen slåttemark. Då senteret vart bygga i 2016 vart det øvste jordlaget fjerna og erstatta med sand for å danne eitt skrint jordsmonn. Dette vart gjort for å legge til rette for artane som høyrer til i dei næringsfattige slåtteengene. Botanikarar henta i 2017 frø frå lokale slåtteengsartar som no er planta i marka.

Torsdagskveld hadde Naturvernforbundet sin foredragsserie «Natur på torsdag» vårens siste foredrag kor nettopp slåttemarkene stod i fokus. Rune Søyland frå Ecofact, Birgitt Harstad frå Norsk Landbruksrådgivning og Audun Steinnes frå Fylkesmannen i Rogaland delte sin ekspertkunnskap og sine erfaringar under foredraget.

Presentasjonane med meir informasjon ligg open for alle her i artikkelen.

Nyheter

Livet i fjæra 2

Livet i fjæra

05.06.2018

Naturvernforbundets naturveileder Rakel Alvestad og dykkar/undervannsfotograf Rudolf Svensen har dei siste vekene teke med 5.klassar frå Hafrsfjord og Sunde Skule på ei undervannsreise i nære og fjerne farvatn.

Vindkraftseminar 4 croppet

NVE må under kontroll

01.06.2018

Janne Johnsen, Høyres gruppeleder i fylkestinget, tok et generaloppgjør med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) under vindkraftseminaret på Mostun natursenter torsdag. - NVE gir fullstendig blaffen i fylkeskommunen, smalt hun til.

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler