Du er her:

Foto: Rakel Alvestad

5C fra Sunde skule på Hestnes. Foto: Rakel Alvestad.

Livet i fjæra

Naturvernforbundets naturveileder Rakel Alvestad og dykkar/undervannsfotograf Rudolf Svensen har dei siste vekene teke med 5.klassar frå Hafrsfjord og Sunde Skule på ei undervannsreise i nære og fjerne farvatn.

Rudolf sett fokus på introduserte artar og marin forsøpling med bileta sine, og viser ståa i nære og fjerne farvatn. Sidan beveg me oss ned til fjæra kor me finn introduserte artar som sjøpung/ Imageknudrepung, Japansk drivtare og stillehavsøsters. Knudrepungen høyrer opphavleg til i Korea og har kome til norske farvatn som blindpassasjer på skip. Me finn også mykje stillehavsøsters, ein art som før 2007 nesten ikkje var registrert i Noreg.

 Stillehavsøstersen har hatt ein eksplosiv vekst og trugar andre muslingar som blåskjel og flatøsters. I sin tur kan dette igjen vera kritisk for fuglar som ærfuglen som har blåskjel som ei viktig næringskjede.

Elevane får sjå kor tett på oss me har introduserte artar, og lærer å skilje dei frå artane som faktisk høyrer til her. Dette er utrulig viktig kunnskap og ha med seg.

Det har vært strålande ver og mer har hatt flotte dagar med nyskjerrige og dyktige elevar.

Stor takk til Rogaland Fylkeskommune som har gjeve oss midlar til å kunne gjennomføre dette undervisningsopplegget.

Image Image

Artikkelen ble sist oppdatert: 10.10.2018

Nyheter

Side 10-11 bore

Ikkje lov å nydyrke skog på Bore

11.05.2018 | Sist oppdatert: 11.05.2018

Ein bonde på Bore i Klepp får ikkje lov til å nydyrke fem dekar skog attmed Jærstrendene landskapsvernområde. Naturvernforbundet og Ornitologisk Forening har fått medhald i sin klage på vedtaket gjort av politikarane i Klepp.

IMG_6691

Vel blåst klesbyttedag

24.04.2018 | Sist oppdatert: 24.04.2018

Søndag 15 april var gamle Mostun fylt til randen av flott tøy og klimabevisste forbrukere.

Ansatte I

Hele landet kommer til Stavanger

18.04.2018 | Sist oppdatert: 18.04.2018

Det er 49 år siden landsmøtet i Naturvernforbundet sist ble arrangert i Stavanger. Nå skjer det igjen samtidig med at fylkeslaget fyller 90 år. Vi er klare til å gi landets ypperste naturvernere en uforglemmelig opplevelse!

Viser fra 25 til 28 av totalt 500 artikler