Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Øystein Folden er leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dialog om store rovdyr?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Surnadal kommune inviterer til dialog om rovdyr. Med på laget er Jenny Klinge frå Senterpartiet. Tanken er visst å redusere konfliktnivået. Dei som skal vere med på dialogen har kommunen invitert.

Ein dialog er alltid enklare når dei som er med meiner det same. Konfliktane blir mindre også. Men løyser det noko? Når ein ser gjestelista, ser ein at løysinga på problemet er nærliggande. Det er ingen av dei som kan gje uttrykk for ei meining som vil ha noko i mot at alle store rovdyr blir skotne, og det er ingen konflikt rundt dette.

Dei store rovdyra høyrer til i naturen og har si oppgåve der. Det er det mange som veit. Ein offentleg arrangert dialog der løysinga er å fjerne rovdyra, er i lengda ganske provoserande.  Når kvardagen og realiteten igjen når deltakarane, vil nok konflikten vere minst like stor som før. Debatten blir ikkje betre av at ein må rope høgare for å bli lagt merke til.

Når det gjeld gaupe er det slik at Surnadal ligg i det området der rovviltnemnda har bestemt at det skal aksepterast ein gaupebestand. Det vil føre til tap av beitedyr, men det er altså ein del av opplegget som følgjer av stortingsforlik og rovviltnemnda sin forvaltingsplan. Det tyder at beitenæringa skal tilpasse seg at gaupa finst, slik at det ikkje er nødvendig å felle ei kvar gaupe.

Trollheimen har vore beiteprioritert område når det gjeld jerv sidan 2011. Det tyder i praksis at jervekvota blir sett så høgt at ein kan felle dei dyra ein veit om, og skadefellingsløyve vil ein oftast få på timen viss det blir observert jerv i beitesesongen. Det er i år alt gjort ein stor jobb med omsyn til å redusere jervebestanden i Trollheimen. 7 kvalpar blei tatt i hiet i år, alle dei ein visste om. Det blei igjen 3 tisper som ikkje møtte opp, og så er det rimelegvis ein hannjerv ein stad. Med kvote også i Trøndelag, meinte Naturvernforbundet at ei kvote på 4 fekk halde. Gjeldande kvote blei på 7, så det spørst om det finst mange nok dyr til å kunne fylle kvota.

At Naturvernforbundet i klaga foreslår ei kvote på 4 i Trollheimen skuldast ikkje at vi ønskjer det. Men vi har innsett at kampen om høgare bestand får andre ta på overordna plan. Men vi er opptatt av at det i jerveprioritert område er det jerven som skal prioriterast. Det er ein sentral del av rovviltforliket, beitedyr og rovdyr har prioritert kvar sin stad. Difor var det viktig for oss at det ikkje skulle vere kvote i forvaltingsområdet for jerv i Møre og Romsdal i år. Forvaltingsplanen som rovviltnemnda har vedtatt seier at det skal vere 3 årlege jerveynglingar i året i fjella sør for Sunndalen. SNO fann 3 ynglingar. Bestanden ligg altså ikkje over målet. Det høyrer med at det eine ungekullet blei drepe av ein hannjerv, så den naturlege avgangen er alt på plass. Då er det ikkje rom for kvote på 2, og det sa Klima- og miljødepartementet seg samde i då dei avgjorde Naturvernforbundet si klage. Naturvernforbundet var aleine om å klage, men vi har og rett til å meine noko om denne saka. Jerven sør for Sunndal høyrer elles til den sørvestlege delbestanden av jerv. Ein noko isolert bestand der ein mellom anna kan finne nokre få jervar som har litt av den urnorske jerven med i sitt arvemateriale. Feil forvalting av denne bestanden kan faktisk føre til tap av unikt arvegods.

Ein kan merke seg at totalkvota ikkje blei redusert. Det var altså mogleg for nemnda å bruke desse 2 kvotedyra ein annan stad. Når det er nord i Trøndelag at det er fleire ynglingar enn det som står i forvaltingsplanen, er det gjerne der ein får jakte jerv. Viss ein skal tale om logikk i denne saka, så er det i fall dette som er logisk. 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Artikkelen ble sist oppdatert: 28.02.2021