Du er her:

Foto: Statens naturoppsyn

Ung hannjerv avliva av SNO i Sogn og Fjordane 2012. Foto: SNO

Klage på løyve til skadefelling av jerv i Fjord kommune

Valldal og Fjørå Beitelag har fått løyve til skadefelling av jerv i august 2020. Naturvernforbundet klagar på vedtaket. Grunngjevinga er den same som ved ein klage på skadefellingsløyve i Rauma i juli 2020.

Det er eit ganske grunnleggande prinsipp i rovdyrforvaltinga at det er skil mellom forvaltingsområde for rovdyret, og beiteprioritert område. I beiteprioritert område blir det gjeve fellingsløyve omtrent på strak arm når det blir observert rovdyr. Dette er mogleg berre som følgje av at det finst område der det er rovdyret som får rå, der vilkåra er vesentleg strengare. I forvaltingsområdet skal eventuell beiting skje på rovdyra sine premiss. Blir det konflikt, så er det beitinga som må innrette seg.

Det er dette prinsippet som i stor grad gjer at Naturvernforbundet ikkje klager på alle vedtak rovviltnemnd og andre mynde gjer i rovdyrsakene. Det er difor rovviltmynde kan møtast utan å passere ei folkemengde med sinte plakatar. Viss beitenæringa og rovviltmynde trur at ein kan gje fellingsløyve omtrent på same måten både i beiteprioritert område og i forvaltingsområde utan at dette fører til auka konflikt, så er det på tide å revurdere noko. Naturvernforbundet meiner det er viktig å ha ein debatt og ikkje ein krig om dette. Vedtaket i Fjord i august 2020 og tilsvarande vedtak i Rauma i juli 2020 går, slik Naturvernforbundet ser det, over ei viktig grense.

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.08.2020