Du er her:

Gaupeklagen går til miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Gaupeklagen går til miljøvernminister Bård Vegar Solhjell. Foto: Bjørn Stuedal

Vi vil ha meir gaupe i Møre og Romsdal!

Naturvernforbundet klager på rovviltnemnda si gaupekvote. Rovviltnemnda har, mot faglege råd, tilrådd å opne for meir gaupefelling og i heile Møre og Romsdal og Trøndelag. I Møre og Romsdal er det berre registrert ei yngling av gaupe, dette er under dei måla Stortinget har for området.

Naturvernforbundet i Midt-Noreg har klaga på rovviltnemnda i region 6 sitt vedtak om kvote for gaupejakta i 2013. Den kunnskapen som er samla inn om gaupebestanden i området fortel at det er tynt med gaupe i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Nord-Trøndelag oppfyller som vanleg måla om yngling. Når det gjeld skadeomfang er det ein del skader i Nord-Trøndelag. I dei to andre fylka er det til saman tale om 12 beitedyr som er påvist tatt av gaupe. Gaupebestanden har ikkje nådd ynglemålet i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, noko som stemmer ganske godt med skadeomfang og observasjonar.

Nemnda har mot prinsippa i forvaltningsplanen likevel vedtatt jakt på gaupe overalt i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Fylkesmennene hadde innstilt på ei kvote på tre for Oppdal, Rennebu, Tydal og Røros som følgje av tamreindrift, og det finst område i fylka som ikkje har mål om yngling der det ikkje er kvoteavgrensingar. Men elles var det ikkje innstilt på kvoter for Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag (unntatt Fosen). Denne innstillinga kunne Naturvernforbundet godta. Når nemnda utvider dette til jakt i båe fylke utan ei einaste vurdering av om gaupestammen eller økosystema kan tåle det, så er dette ei uforstandig forvaltning. Nemnda slår fast at kunnskapsgrunnlaget er godt, men innhenta kunnskap blir altså ikkje brukt.

Nemnda gjorde i år vedtaket sitt 70 dagar før jaktstart. Fire av desse dagane har Naturvernforbundet brukt til sin klage. Så står det igjen å sjå om klagehandsaminga er gjort ferdig til jaktstart. Om dette ikkje er tilfelle, så har Naturvernforbundet bedt om at vedtaket blir gitt utsett iverksetting når det gjeld jakt utover kvotene i fylkesmennene si innstilling, og bruk av tilleggskvote andre stader enn i Nord-Trøndelag.

 

 

Kontakt på denne saka: Øystein Folden, tlf. 918 12 542 eller Per Flatberg, tlf. 905 15 046

Artikkelen ble sist oppdatert: 03.06.2018