Årsmøte i Naturvernforbundet i Sunnfjord
Årsmøte i Naturvernforbundet Sunnfjord er satt til laurdag 12 mars kl 13:00-13:55, Festsalen i Førdehuset Kaffi / te. Årsmøtet i fylkeslaget blir rett etterpå.
Les merArtikkelen ble sist oppdatert: 10.11.2017
Frå mandag 1 februar 2016 og i over to veker har aksjonister blokkert anleggsveien opp til Engebøfjelet, hvor gruveselskapet Nordic Mining ønskjer å gjennomføre prøveboringer de neste ukene. Gruveselskapet har fått løyve til å utvinne mineralet rutil, og skal dumpe 5 millioner tonn gruveavfall i Førdefjorden kvert år. Norge er eit av kun fem land i verda som brukar denne type avfallshåndtering, som havforskarar advarer sterkt mot.
Gleda var stor i gruveselskapet Nussir da Miljødirektoratet etter fire års saksbehandling ga utslippsløyve for kobbergruve og sjødeponi i Repparfjorden nær Hammerfest i Finnmark. Haken ved dette utslipsløyve var at det vart gitt på vilkår av at Nussir gjennomførte ei miljørisikoanalyse i Førdefjorden. Miljødirektoratets harelabb i sin saksbehandling kommer tydeleg tilsyne.
Ny dokumentasjon viser lytene i dei faglege rapportane frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og klassifikasjonsselskapet Det norske veritas- Germanische Lloyd GL (DNV-GL) og Miljødirektoratet om konsekvensane av dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden. Det fins i doktoravhandlinga til Agnar Kvellestad frå desember 2015. Ein samandrag på norsk frå avhandlinga kjem her:
Regjeringa ved Klima og Miljødepartementet nektar no innsyn i den vurderinga dei har bede Miljødirektoratet gjere i handsaminga av felles klage med tilleggsskriv frå Naturvernforbundet, Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Natur og Ungdom, stila til Kongen i Statsråd, på vedtaket av 17. april 2015 om utslepp av gruveavfall i Førdefjorden.
Ein sjeldan fisk frå dypet!
Natur og Ungdom, Miljøagentane og Naturvernforbundet var saman om ei flott Natt i naturen ved Førdefjorden. Sola skinte da små og store var i full aktivitet med Eliasbåten, fisking, kajakk, natursti og snikkering av fuglekasser på Sanden i Naustdal. Når mørket la seg var der grilling, servering av bålkaffi og brødkake. Til Flaggermusnatt v/ Johannes Anonby v/ Fylkesmannen sitt kontor, var der 20 interesserte tilhøyrarar, som fikk servert lakris Flaggermus og høyre flaggermuslyder. Flaggermusa kom også til arrangementet som blei avslutta med overnatting under ein fantastisk stjernehimmel.