Årsmøte i Naturvernforbundet i Sunnfjord
Årsmøte i Naturvernforbundet Sunnfjord er satt til laurdag 12 mars kl 13:00-13:55, Festsalen i Førdehuset Kaffi / te. Årsmøtet i fylkeslaget blir rett etterpå.
Les merArtikkelen ble sist oppdatert: 10.11.2017
Endå eit nytt angrep på Lov om motorferdsel i utmark! "Pilotprosjektet" i Balestrand bør buklande av fleire grunnar.
Det er visst somme som framleis meiner som vidgjetne Abraham Øvrebotten at alle fossar og elvar som ikkje renn i røyr, er bortkasta vatn. Den same oppfatninga har tydelegvis også både fylkesrådmann og fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Vi i Naturvernforbundet ser det noko annleis, og vil vurdere småkraftplanane frå sak til sak.
Dei tok fossane utan at eg brydde meg, for eg eigde ingen foss. Dei tok fjordane utan at eg brydde meg, for eg eigde ingen fjord. Dei tok kysten utan at eg brydde meg, for eg budde ikkje der lenger. Når dei hadde tatt alt var det ikkje meir. Då brydde eg meg. H. C. Hansen
15.09.2010 | Sist oppdatert: 22.11.2010
I dei siste månadene har stadig fleire hengt seg på diskusjonane om kva som er best for oss vestlendingar. Lenge var det berre vindkraftdebatt, så kom kraftlinja gjennom Hardanger på dagsordenen. Ordførarar, grunneigarar, forståsegpåarar og media har alle sagt kva dei meinar. Men ingen har kopla debattane skikkelig saman, skriv Hans Christian Hansen i om situasjonen i Hardanger.
26.08.2010:
Norges vassdrags - og energidirektorat (NVE) har sett foten ned for slik å hindre ei kraftutbygging i den vakre Engjadalselvi i Luster. Det er sjeldan at NVE seier nei til ein konsesjonssøknad for småkraft, skriv Jon Farestveit i eit avisinnlegg.
12.08.2010:
Oljekatastrofen i Mexicogulfen er ei av dei ulukkene som ikkje skulle kunne skje. Vi har då fått garantiar både frå oljeselskapa og politikarar. Så skjer det likevel trass I alle garantiane og lovnadene ,og vi står overfor ein katastrofe som ingen anar utgangen av. Tusenvis og kanskje millionar av liter olje renn ut i havet kvart døgn, og ingen ser ut til å vite korleis ein skal stoppe utsleppa.