• Naturvernforbundet Sogn og Fjordane

    Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom.

    Les mer
  • Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Vi spreier innsikt og vernar utsikt, kjempar for biene, blomane, fuglane, mangfaldet, matjorda og gammalskogen. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår. Saman er vi sterke, difor samarbeider vi tidvis med m.a. Sogn og Fjordane Turlag, Oikos, Sogn og Fjordane Jeger og Fiskerforbund, Rom for ord og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag (men då snakkar vi ikkje om ulv…)

    Les mer

Du er her:

  • Sogn og Fjordane
Naurvernforbundet Sogn og Fjordane

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Vi spreier innsikt og vernar utsikt, kjempar for biene, blomane, fuglane, mangfaldet, matjorda og gammalskogen. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår. Saman er vi sterke, difor samarbeider vi tidvis med m.a. Sogn og Fjordane Turlag, Oikos, Sogn og Fjordane Jeger og Fiskerforbund, Rom for ord og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag (men då snakkar vi ikkje om ulv…)

Artikkelen ble sist oppdatert: 10.11.2017

Nyheter

Avisinnlegg: På høg tid at politikarane tek til fornuft i vindkraftspørsmål

12.11.2009:

Når eg les i den tyske avisa Handelsblatt at tysk industri no ser framover mot at Noreg skal produsere meir fornybar energi for eksport, då særskilt vindkraft, tykkjer eg at det er på høg tid at politikarar rettar blikket ut i verden og prøvar å få med seg kva som skjer. Les meir i avisinnlegget til Hans Christian Hansen, leiar Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Avisinnlegg: Synfaringa mellom Fardal og Ørskog, ei reise i det utrulege

11.11.2009:

Synfaringa mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Møre vart ei reise i verdas vakraste landskap der skjebnesymfonien av Beethoven erstatta fuglekvitter og dvaske havborer. C-moll konserten vart eit klagekor i d-moll frå vi forlot Sogneregionen. D`en står her for "denne vil vi ikkje ha" Kulissane rundt heile reisa vart reint metaforiske, der Vårherres kamp står mot Erkeengelen som fall frå, om jordområda som Vårherre skapte i tidenes begynning.

Avisinnlegg: Erling Sande og bremseproblematikk

11.11.2009:

For nokre månadar sidan snakka eg med Erling Sande på telefonen, og fekk då høyre med han kor han kjempa imot ei utbygging på Hoddevikfjellet, sidan den tid har han endra totalt syn på det meste av det vi snakka om, skriv Hans Christian Hansen, leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, i eit avisinnlegg.

Avisinnlegg: Senterpartiets utrydding av norsk natur

11.11.2009:

Liv Signe Navarsete og Sp, har i valkampen sagt klart ifrå at naturvern må vike for å få plass til større produksjon av fornybar energi. På heimesida deira står det med store bokstavar; Grønt og fornybart næringsliv. Senterpartiet påstår dei vil skape titusenvis av nye arbeidsplassar ved å bygge ut meir fornybar energi, og kallar den nye tidsalderen for den Grøne tidsalder.

Avisinnlegg: Vindkraft for pengane, ikkje klimaet

11.11.2009:

Det er nedslåande at miljøvernministeren kan bli sitert i Bergens Tidende den 17 august på at Noreg er ei sinke i utvikling av vindkraft. Dette gir små håp til dei som arbeider nettopp med å stoppe dei vindturbinane som kvestar fuglelivet og industrialiserer store naturområde utan inngrep. NVE liggande 127 søknader om vindkraftkonsesjonar.

Viser fra 73 til 78 av totalt 192 artikler