• Naturvernforbundet Sogn og Fjordane

    Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom.

    Les mer
  • Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Vi spreier innsikt og vernar utsikt, kjempar for biene, blomane, fuglane, mangfaldet, matjorda og gammalskogen. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår. Saman er vi sterke, difor samarbeider vi tidvis med m.a. Sogn og Fjordane Turlag, Oikos, Sogn og Fjordane Jeger og Fiskerforbund, Rom for ord og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag (men då snakkar vi ikkje om ulv…)

    Les mer

Du er her:

  • Sogn og Fjordane
Naurvernforbundet Sogn og Fjordane

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Vi spreier innsikt og vernar utsikt, kjempar for biene, blomane, fuglane, mangfaldet, matjorda og gammalskogen. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår. Saman er vi sterke, difor samarbeider vi tidvis med m.a. Sogn og Fjordane Turlag, Oikos, Sogn og Fjordane Jeger og Fiskerforbund, Rom for ord og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag (men då snakkar vi ikkje om ulv…)

Artikkelen ble sist oppdatert: 10.11.2017

Nyheter

Bør ikke gje løyve til bygging av Mork kraftverk

15.10.2008:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meinar det ikkje bør gjevast løyve til bygging av Mork kraftverk. Dersom eit løyve likevel blir gjeve, må i alle fall planen om å ta sideelva Kolda inn i inntaket fråfallast. Denne elva er godt synleg i landskapet og dermed positiv for landskapsopplevinga, og ein røyrleidning og anleggsveg vil vere framandelement i dette landskapet. Kolda vil også og ikkje minst vere viktig for å auke restvassføringa i elva etter ei utbygging. Les heile høyringa.

Gaular kommune må pålegge full stopp i arbeidet med løypetrasè ved Langeland ski- og fritidssenter

09.10.2008:

Saka viser til pågåande arbeid med planering av løypetrase på ca 20 km i tildels urørt natur som strekker seg frå Langeland skisenter, gjennom Bringelandsmarka og Hjelmelandsmarka, på sørsida av Nyksvatnet, via Fauskestølen, Indre og Ytre Hjelmelandsstølen, Gjøsetstølen og tilbake til Langeland. Naturvernforbundet viser til i eit brev til Gaular kommune at det ikkje ligg føre ein godkjent plan for tiltaket i høve til gjeldande regelverk. Les heile brevet til Gaular kommune.

Styret i fylkeslaget i 2008

Styret i fylkeslaget i 2008

01.09.2008:

Leiar er Marit Vøien Nes frå Hilleren, Veitastrond medan Lin Hjelmeland Finjord frå Førde er kontaktperson for fylkeslaget. Sjå heile oversikten.

Rovdyr - rammebetingelse for beitedyrnæringene

Rovdyr - rammebetingelse for beitedyrnæringene

14.03.2008:

- Hvis beitedyrnæringene skal bli bærekraftig, er de avhengig av å drive forsvarlig dyrevelferd, sier fagansvarlig for naturmangfold Arnoddd Håpnes i Norges Naturvernforbund. - Dette må inkludere at dyreeierne selv tar grep for å redusere tap til rovdyr.

Viser fra 91 til 96 av totalt 192 artikler