• Naturvernforbundet Sogn og Fjordane

    Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom.

    Les mer
  • Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Vi spreier innsikt og vernar utsikt, kjempar for biene, blomane, fuglane, mangfaldet, matjorda og gammalskogen. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår. Saman er vi sterke, difor samarbeider vi tidvis med m.a. Sogn og Fjordane Turlag, Oikos, Sogn og Fjordane Jeger og Fiskerforbund, Rom for ord og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag (men då snakkar vi ikkje om ulv…)

    Les mer

Du er her:

  • Sogn og Fjordane
Naurvernforbundet Sogn og Fjordane

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane står på for miljøet, for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Vi spreier innsikt og vernar utsikt, kjempar for biene, blomane, fuglane, mangfaldet, matjorda og gammalskogen. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår. Saman er vi sterke, difor samarbeider vi tidvis med m.a. Sogn og Fjordane Turlag, Oikos, Sogn og Fjordane Jeger og Fiskerforbund, Rom for ord og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag (men då snakkar vi ikkje om ulv…)

Artikkelen ble sist oppdatert: 10.11.2017

Nyheter

Må ta omsyn til eit av verdas beste reisemål

Må ta omsyn til eit av verdas beste reisemål

05.07.2007:

- Den planlagte kraftlina på Vestlandet vil gå tvers gjennom eit av verdas beste reisemål. Dette fjordlandskapet er blant annet utpeikt av prestisjetunge National Geographic for å være natur som kan kalles eineståande i verda. Kraftlinetraseane vil krysse fleire verna vassdrag, og folk lurer rimeleg nok på om bygging av ei nesten 30 mil lang kraftline er i tråd med forstandig forvaltning av dei. For eksempel kan verdsarvområdet i Geiranger få kraftmastene som grense i vest, seier Erik Solheim i Naturvernforbundet Sogndal.

Vil ha omstridt kraftline i kabel

Vil ha omstridt kraftline i kabel

29.06.2007:

Protestane er massive mot den store kraftlina som Statnett har planlagt frå Sogn til Møre. - Om planen kjem frå papiret til terrenget, vert den 300 kilometer lange luftlina frå Fardal til Ørskog det største naturinngrepet i Sogn og Fjordane nokon gong, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund.

Erik Solheim utnevnt til æresmedlem av Norges Naturvernforbund

Erik Solheim utnevnt til æresmedlem av Norges Naturvernforbund

04.06.2007:

Erik Solheim, tidligere leder i Norges Naturvernforbund, ble hyllet og hedret med æresmedlemsskap under organisasjonens landsmøte i helga - Denne organisasjonen har hatt uvurderlig nytte av Solheims skarpe evne til iakttagelse og analyse og hans sylkvasse penn. Når han utnevnes til æresmedlem av Naturvernforbundet, er det både i takknemlighet for alt han har gjort og betydd, og i visshet om at han i overskuelig framtid fortsatt vil stille disse egenskapene, all sin kunnskap og sitt dype engasjement som trygg, rotekte og prinsippfaste naturverner, til denne flotte organisasjonens og naturvernsakens rådighet.

Vil ha ny kraftlinepolitikk - Naturvernforbundet utfordra finansministeren

Vil ha ny kraftlinepolitikk - Naturvernforbundet utfordra finansministeren

02.06.2007:

På landsmøtet til Norges Naturvernforbund utfordra fylkeslaget finansminister Kristin Halvorsen til å nytte sjøkabling av kraftlina frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre som eit første steg på vegen mot ein ny kraftlinepolitikk. Jon Farestveit frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Øystein Folden frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal omkransa ministeren med ei heimelaga kraftline.

Ros til banktilsette som satsar på miljø - Utfordringa går til andre bankar

Ros til banktilsette som satsar på miljø - Utfordringa går til andre bankar

16.04.2007:

Dei tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner det er naudsynt å ta omsyn til miljøet og vil sjølve gjere ein klimainnsats. Dei vil både køyre mindre bil, reise mindre med fly, og bruke mindre straum, melder bladet Firda. - Eit flott tiltak med stor signaleffekt, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund. - Med dette har Sparebanken Sogn og Fjordane sendt ei utfordring til andre bankar. Den hansken har vi tru på at dei tar. Fleire bankar har vori i kontakt med oss og bedt om miljøråd tidlegare. Nå har dei fått eit nyttig døme på kva dei kan gjere i praksis.

Viser fra 97 til 102 av totalt 192 artikler