Nei til gondol opp til Jostedalsbreen
Ein gondol ved Kjøsnesfjorden, med toppstasjonen heilt inntil grensene av nasjonalparken, vil forringa verdifull natur og kulturlandskap.

Både statsforvaltar og fylkeskommunen har sagt at gondolen er i konflikt med vesentlege nasjonale og regionale interesser knytt til klima, miljø, landskap, friluftsliv og kulturmiljø. Me står no i ei natur- og klimakrise, og har eit felles ansvar for å følgja opp naturavtalen. Dette er ikkje tida for å byggja gondol.
Bakgrunnen for initiativet var tidlegare Jølster kommune satsinga si på reiseliv i førre kommuneplan, men no har Sunnfjord kommune vedteke ein ny samfunnsdel med uttalte ambisjonar for berekraft. Ved realisering av denne planen følgjer vi opp gamal politikk. Å byggja gondol er ikkje berekraftig.

Sårbare område
Dersom planane blir realiserte, vil det øydeleggja for det lokale friluftslivet til fordel for å gi turistar ein halvtime på toppen av tverrfjellet. Det er berre ei plattform som er planlagd, og etter planane får turistane berre lov til å gå utanfor toppstasjonen med guide. Dette utfordrar prinsippet med allemannsretten, men dersom dei ikkje styrer ferdselen på denne måten, risikerer me 75 000 menneske fri tilgang til sårbare område i nasjonalparken. Det er ikkje naturen der laget for.
Dette prosjektet vil ha ein svært høg prislapp på underkant av 400 millionar. Det er ekskludert leveransen av gondol og driftskostnader. Likevel viser dette berre kostnaden av å byggja, og ikkje kva det vil kosta å mista naturen, landskapet og friluftslivet ved Kjøsnesfjorden og Tverrfjellet.

Detaljreguleringsplanen for Jostedalsbreen gondol ligg no ute til høyring, med frist 2. juni.
Denne kampanjen vil vera aktiv fram til kommunestyret i Sunnfjord skal behandla saka, då vil me overrekkja underskriftene til politikarane. Vi vil gi status på underskrifter 1. Juni i høyringsinnspelet vårt til denne saka.
