Du er her:

Avisinnlegg: Kven villeier?

Asbjørn Massnes i det såkalla Kystpartiet har i mange innlegg i "Sogn Avis" gjort det til ein sport å skulde Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen for å villeie folk i klimaspørsmål.No er det vel heller slik at det er Massnes som villeier, noko eg kjem attende til. Bjerknessenteret er i alle fall ein svært seriøs institusjon med klimaspørsmål som forskingsfelt og med svært kompetente forskarar. Senteret har m.a. levert rapportar til FN sitt klimapanel.