Du er her:

Arsmelding 2016

ÅRSMELDING 2016

 

Dette er sakene vi på siste årsmøte valde å arbeide særskild med i 2016

  • Halde fram arbeidet med å hindre fjorddeponi i Vevring
  • Framleis arbeide mot overdriven vindkraftutbygging og vasskraftutbygging
  • Saman med FNF arbeide for å hindre planane om gondolar og turistvegar til fjells i fylket, avgrense bygging av Via Ferrataer og hindre auka motorferdsel i utmark
  • Arbeide med skogvern og jordvern
  • Legge til rette for oppstart av lokallag som dekker heile fylket
  • Arbeide for vidareføring av Oljefri i Sogn og Fjordane
  • Få fleire av medlemene til å engasjere seg aktivt i laget
  • Verve nye medlemmer og ta vare på dei vi har

 

Organisasjon

 

Årsmøte

Årsmøtet vart halde på Ålhus, Jølster 5. mars 2016.

 

Styret

Styret har hatt 5 styremøter i 2016 og har bestått av:

 

 

Leiar:                         

Marit Vøien Nes

tlf. 975 88 502

e-post: vo-ne@online.no

 

Nestleiar:                   

Sigmund Flaten

Tlf. 909 46 688

e-post: sjf@jolsterbb.no

 

Sekretær:      

Haakon Breien

tlf. 918 43 034

e-post: haakon.breien@enivest.net

Styremedlemer:

Ove Eliassen

tlf. 902 59 490

e-post: oveel@online.no

 

Gunnulf Bjørnsen

Tlf.

Epost: gunnulf.bjornsem@gmail.com

 

(tok over for Bjørnsen i april)

Leiv Henriksbø

Tlf.

Epost: leivhenriks@gmail.com

 

 

 

Vara: (Leiv Henriksbø), Karin Bakke og Imke Schüren.

Revisorar: Arne Ingjald Lerum og Leif Longvanes.

Representant i landsstyret: Ove Eliassen, Leikanger. Vara: Marit Vøien Nes, Veitastrond

Valnemnd: Lin Hjelmeland Finjord og Randi Merete Haugland

Rådgjevarar: Erik Solheim og Jon Farestveit har ei «fri» rolle i laget og har bidrege med kunnskap og engasjement i mange saker.

 

Laget hadde 6 styremøte i 2016.

 

Fylkessekretær: Marit Bendz tok over stillinga etter Lin Hjelmeland Finjord i februar/mars i 50 prosent stilling. Ein mellombels intensjonsavtale med fylkeskommunen har delvis finansiert denne stillinga i 2016.

Arbeidsoppgåver har vore førebuing til styremøte, kontaktperson for laget på e-post og telefon, kommunikasjonsansvar i høve høyringar saman med Haakon Breien, informasjon til laget og ut til publikum. I stillinga inngår også budsjettarbeid og rekneskapsføring, søknader, gjennomføring av prosjekt, rapportering og drifting av Facebook-side (363 følgjarar per 22. februar 2017)

 

Nettsida: Drifta av Phillip Butler

Facebooksida: Oppretta og drifta av Marit Bendz

 

Medlemmer:

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane hadde 530 medlemmer per 01.1.2016, og 534 per 01.01.2017.

 

Lokallag:

Lokallag Indre Sunnfjord revitalisert med Sigmund Flaten som leiar

Lokallag Eid

Vi har ikkje klart å skipe Lokallag Indre Sogn i 2016

 

Økonomi:

Laget har stabil økonomi. Intensjonsavtalen med fylket vert endra i 2017.

Rekneskap for 2016 og budsjett for 2017 vert lagt fram på årsmøtet.

 

PROSJEKT:

OLJEFRI, drifta av Sigmund Flaten, held fram i 2017

MØTEPLASSAR i Førde og Sogndal, Vøien Nes/Bendz, held fram i 2017

MINDRE MATSVINN: Samarbeidsavtale mellom mottakssenter og Coop i Førde om henting av mat på veg til søpla.

FLYKTNINGAR PÅ TUR, Bendz i samarbeid med turlaget, Røde Kors m fl. UDI-midlar

ANDELSLANDBRUK: Eitt prosjekt vart skrinlagt (Indre Øyrane), andre kan kome til.

 

MILJØPOLITISK ARBEID

 

Arrangement

02.03.2016 i Førde: Kampen om fjordane, film og debatt

06.04.2016 i Sogndal: NATURLEG ONSDAG: Klima med Carlo Aall

16.04.2016 i Førde: Den store klesbytedagen, i samarbeid med Omatt

26.04.2016 i Førde: NATURLEG TYSDAG: Klima med Carlo Aall

28.04.2016 i Førde: Sykkelfiksekveld med Grøn Kyrkjelyd

07.05.2016 i Førde: Strandryddedag med grillfest

06.06.2016 i Førde: Marknadsdag - stand og natur-quiz

12.06.2016 i Førde: SKAPARVERKETS DAG med Grøn Kyrkjelyd, frukost og appell                  

10.08: 2016 i Førde: Om Naturvernforbundet på Norsksenteret i Førde

27.08.2016 i Stryn: Flaggermusnatt v/Thorleif Jacobsen

09.09.2016 i Sogndal: Bålmøte: naturen i Sogn og Fjordane – bruk eller forbruk? Med FNF

28.09.2016 i Florø: SAMAN FOR SKAPARVERKET. Invitert av KFUM/KFUK

20.10.2016 i Sogndal: NATURLEG ONSDAG – Gang/sykkelveg til Årøy. Er i gang.

23.11.2016 i Sogndal: NATURLEG ONSDAG – Andelslandbruk. Er i gang.

29.11.2016 i Førde; NATURLEG TYSDAG Debatt. Kunstgras – ein miljøversting?

30.11.2016 i Førde: Faklar for Førdefjorden og appellar/støtte til aksjonistane som vart dømde

 

Medieoppslag

07. 01. Firda: NVF vil ha pengar på sperra konto (Fjordsaka)

08.02: NRK Erik Solheim skuldar Følling for å vere ugild (vindpark Bremanger)

xx.03: Sogn Avis: Earth Hour

24.04: NRK: Klesbytedagen

07.05: Firda: Strandryddedag

22.09. Firda og FørdeBy: Samarbeid mot matkasting mellom Coop og Øyrane mottakssenter

28.09: Firdaposten: Saman for skaparverket

12.10: NRK: Erik Solheim om kraftutbygging, krev stopp

26.10: Firda: Indre Øyrane-folkemøte

02.11. NRK/ABC Nyheter: Vøien Nes om hytte i Jostedalen nasjonalpark

30.11. Fjordabladet: Skal demonstrere mot fjorddeponi

08.12: Sogn Avis: Andelslandbruk i Sogn (Naturleg Onsdag)

I tillegg til mange oppslag om aksjonane mot fjorddeponi og ei lang rekke avisinnlegg.

 

Høyringsfråsegner og brev:

* Klage på vedtak i Jostedalsbreen nasjonalparkstyre om løyve til å bygge turisthytte på    Sunndalssetra i Stryn (FNF)

* Høyringssvar - framlegg til nye retningsliner for lokalisering av handel m.m.

* Tilleggsfråsegn etter klagebefaring Bremangerlandet vindkraftverk (FNF)

* Fråsegn om sakshandsaming knytt til planlegging av Via Ferrata i Hornelen (FNF)

* Kinsedal og Kveken kraftverk i Luster - tillegg til tidlegare fråsegn

* Konsesjonsuttale om Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal

* Konsesjonsuttale om Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal

* Merknader til delar av utkastet til regional planstrategi for Sogn og Fjordane

* Høyringsfråsegn til varsel om planoppstart Naustholmen i Flora (FNF)

* Utviding av Ytamo naturreservat i Luster

* Høyringsfråsegn - framlegg til kommunedelplan Langeset-Stryn-Storesunde

* Høyringsfråsegner - 12 småkraftverk og utviding/opprusting av tre kraftverk i Gloppen

* Høyringsfråsegn til endringssøknad for Offerdal kraftverk i Ytre Offerdalselvi og Indre Offerdalselvi, Årdal (FNF)

* Høyringsfråsegn til detaljreguleringsplan for Jokvihogen og Langhaugane, Jølster (FNF)

* Støtte til NVE si avgjerd om avslag til Bremangerlandet vindkraftverk (FNF)

* Klage på konsesjon til Nundalselvi kraftverk i Øvre Årdal (FNF)

* Varsel om oppstart av planarbeid med detaljreguleringsplan for Via Ferrata Hornelen, Bremanger (FNF)

* Detaljreguleringsplan for "FalkensteinB7-B11" i Førde kommune

* Kommentar til kommuneplanen, arealdelen for Davik, Bremanger kommune

20.04: Revidering av forskrift om taretråling

 

Oppsummering:

FJORDSAKA har kvilt litt sida aksjonane tidleg i 2016. Nokre av aksjonistane vart dømde i Sunnfjord Tingrett til store bøter i november, og vi arrangerte fakkeltog og samling i Viking etterpå.

SAMARBEIDET med FNF og dei andre organisasjonane knytt til FNF er godt. Mange arrangement er kome i stand i samarbeid med turlaget, men og Røde Kors, frivilligsentralen i Førde m.m.

MØTEPLASSAR i Førde og Sogndal var ambisiøst, men vi har klart to i Førde og tre i Sogndal. Vi treng fleire som kan stille opp begge stader, og gjerne andre stader i fylket, om vi skal klare å følgje opp.

Den nye fylkessekretæraen har hatt ein tendens til å ville litt for mykje i høve dei ressursane laget har…

 

Sigrane våre dette året (vert framlagt på årsmøtet):

 

 

Fylkesleiar Marit Vøien Nes

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.03.2017