Du er her:

Debattinnlegg av Jon Farestveit, Sogn Avis, 21.3.2012

Debatt: MOTORFERDSEL I UTMARK PÅ BALESTRAND-VIS

Endå eit nytt angrep på Lov om motorferdsel i utmark! "Pilotprosjektet" i Balestrand bør buklande av fleire grunnar.

MOTORFERDSEL I UTMARK PÅ  BALESTRAND-VIS

Balestrand fekk ikkje sitt” pilotprosjekt ” med bruk av beltebil  eller andre transportmiddel for å transportere skiturister opp på fjelltoppane, i alle fall ikkje i denne omgang. Og bra er det, for etter Naturvernforbundet si meining bør vi av mange grunnar alle ha interesse av å halde fjellområda våre og naturen elles mest mogleg fri for motorkøyretøy. Vi har også ei lov om motorferdsel i utmark som inneheld strenge restriksjonar på bruk av slike køyretøy, men som likevel opnar for det ein kan kalle nyttekøyring av av ymse slag. Meir unødvendig køyring eller det ein kan kalle”fornøyelseskøyring” er er likevel i utgangspunktet forbode, som vel dei fleste veit,men noko ikkje alle respekterer.

Verda ville sjølvsagt ikkje gå under om balestrendingane fekk høve til å sette i gang dette prøveprosjektet sitt. Problemet er likevel først og fremst at dersom dette ”pilotprosjektet” skulle få ei  kommersielt vellukka landing, og alle slike prosjekt har ein lei tendens til å vere vellukka  slik, så vil kanskje fleire ta etter, og så har vi det snart gåande med motorstøy og furureining over store område. Det er dette som er hovudproblemet i denne saka, og det er difor ikkje ei lita ”fillesak”. Vi lever med såpass mykje forureing og støy i kvardagen og i samfunnet at det burde vere unødvendig å trekke med seg det same ut i naturen elller i alle fall begrense det mest mogleg til glede for alt som lever. I staden burde vi oppmode alle til  å bruke naturen på naturens eigne vilkår, noko som er det beste for folkehelsa og. For ein type tiltak som i tilfelle vil ”leve” av snø, vil utslepp frå motorkøyretøy, sjølv om dei er små i denne og den store samanhengen, vere eit av dei mange tilskota til klimaendringar som vil vere med og sage av greina ” beltebil pilotane” sit på. Og klimakonsekvensane er summen av klimautslepp, små og store.

Mange av politikarane i fylket, med Høgre og Frp i spissen, har så utan tanke på konsekvensane, gjeve grønt lys for dette prosjektet , og vil overføre retten til å gje dispensasjonar frå lova frå fylkesmannen til kommunane. Dette kallar dei lokaldemokrati, men den demokratiske tanken bak det heile er nok at denne ”vrien” skal gjere det  lettare å gå utanom den strenge motorferdsellova og den ”slemme” fylkesmannen. Kanskje dette er demokrati, men vi trur også at politikarar innan alle parti no  burde tenke noko meir på kva  som tener natur,helse og miljø enn kva vi kan presse ut av naturen i kroner og øre!

Jon Farestveit- Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Artikkelen ble sist oppdatert: 30.03.2012